tirsdag 6. november 2007

Språket me nyttar saman med borna

Etter desse veken ute i praksis så har eg fått nok eit auge for kor viktig språket er for oss, og for forståinga til elevane.det nyttar ikkje å prøve å forklare ting til elevane dersom me ikkje snakkar slik at dei forstår oss. Dette hadde eg ei oppleving av i praksis. Eg skulle berre forklara noko som skulle forenkle avkryssinga i bingo spelet som me holdt på med. Og eg byrja å forklara med å visa på arket kor dei skulle kryssa av når dei høyrde det spesielle talet, medan eg stod der og forklarte så innsåg eg at no vart det uforståeleg for dei, det vart for høgtsvevande for elevane ,dei hadde ingen forutsetning for å skjønna det som eg sa. Dei såg ikkje mønsteret i rutenettet, det var rett og slett for tidleg og på eit anna nivå.Slike opplevingar får ein til å tenkja litt og viser kor viktig det er å komma ned på elevane sitt språknivå eller som det står i begynnaropplæringa for matematikk, å nytta borna sitt 1steordensspråk og slik skapa ei forståing av det ein prøver å formidle.Dette vart veldig tydeleg for meg denne gongen.

1 kommentar:

Brit Elin Mølstre sa...

Hei
Det med å komme ned på elevene sitt nivå når det gjelder språk er både vanskelig å krever trening. Det er nok noe som en hele tiden må holde fokuset oppe på skal en lykkes med formidlingen.
Brit Elin:)