fredag 16. november 2007

Etisk bevissthet?

I dag på nyhetene var det eit innslag om dette med etisk bevissthet for lærarar, eg vart litt overraska då eg høyrde at det var kome elevar heim til foreldra sine og sagt at dei hadde sett bilete av lærarane sine på nettet, på fest, utfordrande kledd og det viste tydeleg av bileta at dei drakk alkohol.
Kor skal grensene gå? er me rollemodellar heile tida, eller berre på skulen?, Dette er det mange meiningar om, og eg hugsar me hadde det oppe som tema då me byrja lærarutdanninga vår. Det er vel ei kjensgjerning at dersom ein vel læraryrket, så har ein klart for seg kva ein ikkje skal legge ut på nettet, og kva som ligg i det å vere ein god rollemodell for born. Ein annan ting er at det ikkje vert spurd om løyve til å legge ut bilete på nettet, dette er det vel strenge reglar for?. Privatliv har ein rett til å ha, men me må nok heile tida ha i tankane korleis me oppfører oss utad. Er dette prisen nokre av oss må betale,for å vere med i eit samfunn i utvikling der IT bruken florerer?, faktisk så mykje at det til slutt ikkje er kontroll over det som vert kringkasta på veven.Det at dette temaet var oppe i nyhetene i dag ,viser litt korleis samfunnet ser på dette, at ein lærar på ein måte ikkje er privat, men ein offentleg person som heile tida er offentleg. Litt skremmande synest eg, er litt redd for å bli usynleg.........

1 kommentar:

Brit Elin Mølstre sa...

Hei Kjerstin
Dette er et veldig viktig tema som helt klart er vanskelig - det gjelder for øvrig ikke bare for lærere men også flere andre yrkesgrupper - hva med fastlegen din? Hvordan hadde du reagert om den eller helsesyster var avbildet, og hva med ordfører, og andre. Jeg tror at en strengt må håndheve det at en skal spørre før en legger ut bilder og så må hver enkelt ta egne valg. Det er også viktig å verne om privatlivet - men da vil jeg at det skal være privat og ikke på nett.
Brit Elin:)