lørdag 24. november 2007

Forsking og resultat







No er me alle djupt inne i GLSM perioden , og me har vore ute på praksis skulane og utført prosjektet vårt. Gruppa vår har som problemstilling : kva telje og rekne strategiar nyttar elevane når dei leikar butikkleik. '
Det er då her snakk om addisjon og subtraksjon for det meste, men nokre elevar var faktisk inne på multiplikasjon og, er det ikkje flott? då er dei berre 7 år dei fleste.
Det me såg var at det var eit ganske stort mangfold av stratgiar. Me har hatt god hjelp av Snorre A Ostad sitt oppsett av dei ulike stratgitypane som me fant i boka til Ida Heiberg Solem og Elin Kirsti Lie Reikerås si bok det matematiske barnet. Dette oppsettet viste oss litt av det me kunne forventa å sjå. Me såg til dømes at dei som var gode i matematikk hadde ofte eit større repertoar av strategiar som dei spela på som tildømes å hugsa kombinasjomar kombinert med teljing. Dei elevane som ikkje var fullt så gode hadde mindre og meir primitive strategiar der kan eg nemna til dømes telje alt og frå byrjinga igjen strategien. Me nytta Observasjon og laupande protokoll som forskings metode. Her hadde ein av studentane overblikket over gruppa, og dei tre andre hadde deltakande observasjon. Det som var viktig for oss var at me heile tida lot elevane få styre ting sjølv, men samstundes så hadde me reglar om kor mange pengar dei fekk ta ut i banken (som hadde verkelege pengar), og kor mange varer dei fekk kjøpe i byrjinga. Me som observatørar skulle hjelpe og stille autentiske spørsmål for slik å finne ut kva elevane tenkte og korleis dei løyste dei ulike oppgåvene som dukka opp etter kvart som dei handla varer i butikken.
Ingen av varene i butikken var prisa meir enn 10 kroner. Dette var for at me skulle halda oss innafor eleven si proksimale sone. Og me stoppa sjølvsagt ikkje dei som ville rekna med større tal.Dette var det og moglegheiter til ved å ta fleire varer i gongen. Slik kunne me tilpassa nivået til kvar enkelt, eller elevane tilpassa det sjølv. dei fleste har kjempegod sjølvinsikt og veit kva dei kan og ikkje kan. Elevane likte dette veldig godt dei handla og sto i og når den tilmålte tida var omme så ville dei nesten ikkje stoppe, så dette var verkeleg kjekt :) No held me på med å analysera og gjera bruk av opplysningane som kom fram under forsøket så får me håpe at resultatet vert ein brukande rapport som skal vera levert inn neste fredag.

2 kommentarer:

May Britt sa...

Hei Kjerstin
Det høres ut som et veldig spennende område dere arbeider innenfor i prosjektet. Måtte bare innom å si takk for veldig gode og faglige tilbakemeldinger på bloggen min. Det er ofte en tankevekker i det du skriver.

Brit Elin Mølstre sa...

Hei Kjerstin
Oppgaven deres hørtes flott ut og etter det du skriver tror jeg produktet deres blir kjempebra. Mange gode funn her, du sier dette med at flinke elever har flere strategier og hjelpe seg med. Har dere noen ideer om hvordan vi som lærere kan hjelpe elevene med å utvikle og bruke flere strategier? (Tror nok mitt spørsmål er utenfor oppgaven deres, men det slo meg som noe vi kanskje kan tenke på når vi skal tilbake i praksis.)
Brit Elin:)