mandag 29. oktober 2007

Leik som tilnærming til læring.

Når me er ute i skulen så ser me atter kor stort behov born har for å få leika og slik få utfalda seg på ulike måtar. me ser og at i dei ulike faga så skjønar dei fleste betre når dei kan få leike .Kva er det som gjer at born forstår betre då? kanskje det har med at det på ein måte ikkje er så alvorleg då, at dei på ein måte kan styra det sjølv. Kanskje det har med språket som vert nytta, at det er borna sitt eige språk. me har sett at i leik så klarar borna å løyse vanskelege regne operasjonar ,som dei ikkje hadde klart med å få det nedskrive på eit ark. Vygotskij seier at " i leik vert borna eit hovud høgare enn seg sjølv" dette trur eg på. At leik kan få fram og forenkle mange vanskelege operasjonar som kan vere vanskelege å få til når det vert skrive på eit ark eller i læreboka.
D
ette har nok med at borna nyttar konkretar, og halvkonkretar, det vere seg pengar eller bilete av ting som ein skal ha i dei ulike regneoperasjonane.Men ein lærar må vite eksakt kva han vil med leken og han må ha ein overordna plan for hva han ynskjer å oppnå. Han må ha gode kunnskapar om kvar elevane er i utviklinga, slik at nye mål kan nåast, og elevane bringast vidare. Ein kan sjølvsagt og bruke fri leik, for all lek skal ikke være planstyrt.

Ute i praksis

Ja no er me i tredje veka av praksis perioden vår, tida har gått så utruleg fort, så no er tida forå få refleksjon og ettertanke ned på papiret snart komen.Det som imponerer meg når eg er ute i praksis på småtrinnet, er dei utruleg flinke lærarane som er og tek godt hand om desse små, for dei er verkeleg små dei som byrjar på skulen no. Mange av dei har nok vore i barnehage, men det er faktisk nokre som ikkje har det og, sjølv om det minkar på dei. Då vert det å gå på skulen ein heilt ny og ukjent arena for dei små. Dette kan vere både skremande og kjekt på same tid. Det som eg ser er viktig for desse elevane er å få trygghet og ro i lærings situasjonen og i klassesituasjonen. Å vera trygg på at ein kan seie og spør om det meste, vera trygg på at ein veit kva som skal skje utover i skuledagen. vera trygg på lærarane og kva dei står for. Dette er utruleg viktige faktorar i skulekvardagen til elevane. Dette med å ha respekt for elevane og sjå på dei som små medmennesker er ein selvfølge.
Det er eit utruleg stort tempo og aktivitetsnivå i løpet av ein skuledag og det skal noko til at ein klarer å få gjenomført det som ein har sete heime og planlagt på papiret. Elevane er ofte uforutsigbare og me kan ikkje alltid vete kva som skjer i timen, då må ein som lærar spele på elevane sine innfall og utfall og slik skape gode og lærerike økter uansett.
Eg har til dømes sett at dette med muntlig kommunikasjon er veldig viktig, den gode samtalen (helst ein til ein, men den er ikkje god å få til så ofte som ein burde) det å få utvikle språket til elevanee, å øve på å utrykke seg muntleg. Faktisk så kan det vere born som knapt opnar munnen sin i løpet av ein dag. Det er lett å verta gløymt når ein er liten og ikkje krev så mykje.
Litt skremande å tenkje på ,når ein veit kor viktig det er å få utvikle den muntlige ferdigheten for seinare læring. Språket vårt er vår måte å gi utrykk for kva me tenkjer.dette synest eg vert veldig synleg i dei lavaste skuletrinna.

mandag 8. oktober 2007

Leik kva er det


I dag har me hatt nok eit lærerikt og kjekk forelesing i pedagogikk. Torill har gitt oss nokre tips og ledetrådar til kva leik er og kor viktig det er for born å få moglegheit til å bruka fantasi og leike evnene sine i skulen. Korleis kan me tolke born utifrå korleis og kva dei leikar.Det var kjekt å høyre kva teorien seier om kva leik er, det er faktisk eit uvurdeleg reiskap for å utvikle samhandling med andre, den sosiale dugleiken som er utruleg viktig uansett alder og posisjon.Er du ikkje sosial så slit du på mange frontar. Dette med at born har ein eigen evne til å hoppa frå fantasiverda til røyndom er ganske unikt, og eg skulle ynskja at eg hadde bevara noko av mine evner på den fronten frå barndomen.
Heime på Valvatne då eg vaks opp leika me overalt, me hadde ein utruleg arena for utfoldelse innafor leik, skogen, og store vatn som me skeisa på om vinteren og bada i om sommaren. Me var ei stor gruppe med ungar i mange ulike aldrar, og eg ser utifrå teori pensumet som me hadde i dag , At dette var rolleleik på høgt nivå. Me var rangert uti frå kva me kunne og kor gode me var til ulike ting.Ein av leikane me dreiv mykje på med var indianerar og kvite. Desse kriga mot kvarandre og dette kunne me halde på med i veker i strekk, me bygde hytter og klatra i trer. Ein dag hadde me avtala som vanleg å møtast ved "Amerikabåten" me skulle ha krig i den dagen og, me hadde laga oss "hestar" ( lange stokkar som me hadde plastpose over øverst, det var hovudet til hesten) og så sat me overskrevs og sprang slik. Denne eine dagen såg me at Jens kom ridande på hesten sin og me venta spent på å byrja. Då han nesten er framme hos oss, ropar han "KRIGEN ER AVLYST, HØVDINGEN ER PÅ SVØMMETRENING" Me godtok dette utan å le , det var heilt vanleg å snakka slik, litt fantasi og litt røyndom. me var inne i denne fantasiverda og visste nøyaktig kva reglane og rammene var for denne leiken.
Eg synest dette er eit godt eksempel på kor lite som skal til for å kunne skapa ei heil lita verd som ein kan leika og drøyma seg bort i, mange av oss som var med på dette sit i dag med utrulege gode minner frå barndommen og eg er sikker på at dette har vore positivt både fysisk og psykisk., me fekk trena samspel med andre, me vart kreative og gjekk ikkje av vegen for å finna på nye ting dersom det skar seg. Me drog inn ting som me hadde opplevd i kvardagen og fekk bearbeida og tolka desse på denne måten.Me var flinke til å skape uforutsette ting i leiken, plutselig ein dag var hytta til indianarane øydelagd, kva hadde skjedd? me vart kjende med kvarandre på godt og vondt, me visste kvarandre sine sterke og svake sider og me var nok ikkje heilt rederlige alltid, me utnytta nok dette. Men verdien av leik er nok udiskutabel, dette er ein del av born sin veremåte og eit behov som me som pedagogar ( ein dag) må legge til rette for, eit godt og stimulerande miljø, som gjev borna moglegheiter til utvikling.