mandag 14. april 2008

Skule utvikling


Mens læraren er den enkeltfaktoren som sterkast påverkar læringa til elevane, er skuleleiaren den viktigaste enkeltfaktoren for korleis lærarane fungerer og for kulturen ved den enkelte skulen. Det inneber at det er ein nær samanheng mellom korleis skuleleiaren utøver leiarskapet sitt på og læringa til elevane. Rollene som skuleleiar og som lærar er komplementære og gjensidig avhengige av kvarandre.

Det viser seg at kvaliteten på arbeidet i kunnskapsorganisasjonar er nært knytt til om dei som arbeider der, opplever seg om aktør eller brikke. I stor grad dreier det seg om å vise tillit. Dette gjeld i høgste grad skulen. Skular med tydelege leiarar, og sjølvstendige lærarar, som får tillit og tar ansvar, oppnår dei beste resultata. Skuleleiarar som er i stand til å verdsetje det arbeidet som blir utført, bidrar til å skape kultur for læring og meistring.
Den moderne skuleleiaren arbeider i eit samfunn som har gjennomgått store forandringar. Skulen blir stadig viktigare for læringa til barn og unge i vid forstand. Skulen har utvida funksjonen sin og tar i aukende grad på seg oppgåver som tilsyn, omsorg og oppdraging på vegne av familien og samfunnet.
Dagens skuleleiarar har fått ei meir kompleks rolle. Skuleleiaren skal vere representant for arbeidsgivaren og arbeide for å nå målsetjingane til skuleeigaren. Skuleleiaren skal også vere pådrivarar i arbeidet med å nå nasjonale mål i utdanningspolitikken, dvs. sjå til at vi har skular som er i stand til å forstå og ta imot reformer. Skuleleiaren skal dessutan utøve pedagogisk leiarskap, det vil seie å ta et ansvar for læringsresultata til elevane.
Vi ser her ei leiarrolle som står i klar kontrast til den tradisjonelle skuleleiaren. Dagens og framtidas skuleleiarar er forventa å spele ei meir aktiv rolle som fornyarar og leiarar av endringsprosessar. Dei skal vere opne for impulsar utanfrå, samtidig som dei skal ha eit nært og aktivt forhold til lærarpersonalet og det arbeidet dei utfører.



i denne talen synest eg kunnskapsministeren får fram noko av det viktige med skulen som organisasjon og kva faktorar som er avgjerande for at ein har utvikling i skulen. Det er viktig med fornying, initiativ og kreativitet i skulekvardagen. Dette for leggje tilrette for endringr som stadig kjem og sjå det positive i dette , som ei vidare utvikling til beste for både lærarar og elevar.

det vart berre eit utdrag dette men det var så godt skrive og det passa så godt inn i tema for dagen.





søndag 6. april 2008

Frå segregering, til integrering og inkludering.


Det er som me alle sikkert veit mange nye og til dels ukjende ord me vert kjend med på denne lærarutdanninga. Mykje byrjar å verta ganske så kjent og ein kjenner at ein er på eit litt anna stadie enn for 2 år sidan. Ein kan vel seie at ein har hatt ei form for utvikling mentalt og fagleg :)


Me har hatt som emne tidlegare dette med born med spesielle behov. Eg synest dette med segregering, integrering og inkludering kan vere på sin plass når me tar for oss dette.

Opplæringslova seier at:

"alle elever i grunnskolen har rett til å gå på den skolen de sokner til, og for begge skoleslag gjelder det at alle har rett til å tilhøre en klasse"

Segregering: Tyder at ei folkegruppe vert skilt frå dei andre på eit eige område.

Tidlegare vart menneske med psykisk utviklingshemming tekne ut av det "normale" samfunnet og oppbevart på institusjonar "frå vogge til grav".
Men det var før dette kom i 1991:
"Segregering ble etter hvert erstattet av et ønske om større grad av integrering. Diskriminerende og segregerende særordninger skulle fjernes til fordel for organisatorisk og sosial integrering. Det innebar at tiltak og tjenester så langt det var mulig skulle utformes og forankres i den enkeltes lokalmiljø. Samfunnets vanlige serviceorganer skulle ha det fulle ansvar for mennesker med nedsatt funksjonsevne på linje med andre borgere, og spesialordninger og særtiltak skulle fjernes. Det tok imidlertid lang tid før målet og ønsket om større grad av integrering nedfelte seg i politiske vedtak og reformer" .( Regjeringen.no)

"Reformen for mennesker med psykisk utvik­lingshemming i 1991 medførte nedlegging av institusjonene i det fylkeskommunale HVPU (Helsevernet for psykisk utviklingshemmede) og overføring av ansvaret for tjenestetilbudet til kommunene." ( regjeringen .no)


Integrering:

i 1970 åra vart grunnskulelova og spesialskulelova slått i saman, målet med dette var at desse to skule systema skulle komme litt nærare kvarandre, enn dei var frå før. Resultat skulle vere det som vart kalla " Enhetsskulen, en skule for alle". etter kvart vart det eit mål at elevane skulle ha rett til ein plass på sin lokale skule.
Resultatet av dette var at funsjonshemma og dei med lærevanskar vart integrert i den vanlege skulen, og dette fekk då sjølvsagt konsekvensar for organiseringa og innhaldet av spesialundervisninga som var i skulen frå før. Dette opna opp for å sjå på pedagogikken med andre auge og slik få fram noko nytt, ikkje meir av det som var frå før.

Inkludering:
Er eit spørsmål om lokal tilhøyre og likeverdighet. Dette er ein prosess som omfattar korleis omsette dette til praksis, og korleis skulane kan endra seg stegvis gjennom ulike tiltak og kompetanseutvikling. Resultatet av denne prosessen skal vere at alle elevane vert aksepterte og får eit tilbod i skulen.

Dette føreset ei individuell forplikting, der den enkelte lærar si oppfatning av kva inkludering er, er den viktigaste føresetninga for endring i skulen. (Clark mfl. (1999))
Når eg ser på denne utviklinga så ser eg meir og meir at det er prøv og feil metoden som vert gjennomført i dei ulike instansar. Mange gonger så veit ein ikkje konsekvensane av tiltak som vert utførde og lover som vert vedtekne. Men i ettertid kan ein vere etterpå klok og gjera vurderingar på grunnlag av resultata, positive og negative. Dette er nok ein del av det å ha eit land i utvikling, meininga er nok god, men prisen kan vere høg for nokre.Særleg dei som vart utsette for HVPU reforma. Dei svakaste av dei svake vart skadelidande i denne omstillingsprosessen,( Einsemd, mobbing, isolasjon).


Det er samstundes viktig å vere kritiske og reflekterande over ting som har vore gjort og ikkje.


For eksempel, kva konsekvenser har inkluderingsprinsippet i norsk skule dei siste femten åra fått for lærerutdanninga i Noreg?

Ein konsekvens av dette burde vore meir spesialpedagogikk i lærarutdanninga, det som er no, er nok altfor lite omfattande til at ein lærar er rusta for det som ventar ein av utfordringar ute i skulekvardagen.


kjelder:









lørdag 5. april 2008

Det nasjonale styringsverket i skulesektoren.

"Veldig" gamle Sagvåg skule. (Kjelde: S Kannelønning)

GAMLE SAGVÅG SKULE.

Skule huset stod og tok i mot oss kvar dag, stort og kvitt, med store auge som såg og fylgde med på alt som føregjekk i skulegarden.
Me var i gode hender.


Skulegarden var som skapt for oss ungar, store tre som me kunne klatra i, og ein bergvegg som ein kunne tru var toppen av øyas høgaste fjell.
Når me satt høgt der oppe var me liksom konge på haugen, ingen kunne nå oss der.
Heilt til ein lærar ropte,” Kjerstin! No må du komma ned” Me hadde vel eigentlig ikkje lov til å vera der når eg tenkjer meg om.


Inne i skulebygget var det lyse fargar, og det var mange stader ein kunne leika, det var ei bratt trapp i enden av korridoren. Den gjekk heilt opp til toppen av huset. når me gjekk opp der, blei det mørkare og mørkare til høgare opp i den smale trappa med kom.


På toppen av trappa var noko av det skumlaste eg kunne tenke meg, nemlig døra inn til det enorme loftet.
Loftet var kjempe høgt under taket, og langs med veggane var det plassert gamle ting og utstyr frå urgamle dagar. Skremmande men spanande!
Det var skikkelig skummelt, for me hadde høyrt at det kanskje spøkte der! Det var ein eller annan som hadde høyrt, at ein eller annan hadde sagt, at dei hadde høyrt mistenkelige lydar der oppe.
Men me såg aldri noko, og forresten så vågde me oss ikkje opp der så ofte heller.


Det var mange dører i skule huset, bak desse dørene var det mykje rart. Ei dør førte inn til vaktmeisterrommet, der sat vaktmeisteren og åt nista si i ein gammal grøn sofa. På veggen midt imot sofaen, var det hyller med masse rart, ei utstoppa ugle, som sto og fylgde oss med blikket. Ein utstoppa mink som såg ut som om den var fanga i fart, den var svart og veldig mjuk å ta på.
Men, øverst oppe på hylla var det eit stort blankt norgesglas, det var eigentlig det me var komt for å sjå, i det glaset var det ein hoggorm på sprit, ekkelt, men me berre måtte sjå på den.
Den hadde sikkert vore der på hylla, oppi det norgesglaset, sidan skulen var ny, og det var så lenge sidan at med klarte ikkje å førestilla oss det ein gong.

Vaktmeisteren fekk sjeldan ro i matpausen sin.

Han var ein veldig gammal mann, grå i håret. Og gjekk alltid i blå snikkerbukse. Han var sikkert 50 år.


Ei anna dør som var malt blå, var det husmorskule innafor.
Med stod utanfor døra, og kikka inn gjennom nøkkel holet, der kunne me skimta, eit stort kjøkken med mange komfyrar, sikkert ein til kvar!
Damer med forklede i mange fargar, og ei fantastisk lukt av nysteikte bollar spreidde seg rundt oss, tenk og fått ete så mange bollar ein kunne orke.


I andre etasje var det fire store klasserom, det eine var spesielt kjekt å kikka inn i, for der hadde dei skeive pultar, dei skråna liksom nedover på eine sida, som om det hadde stått noko tungt der. Me skjøna etter ei stund at det var dei same pultane som blei skeive heile tida, og det var der urokråkene satt. Det var læraren deira som slo knyttneven i pulten for å få ro, det virka sikkert bra! Det var alltid ein eller fleire pultar som var skeive, heile året ut.
Men når sommarferien var slutt, og skulen byrja igjen var alle pultane rette.
Nye blanke ark.
Kjerstin
















Eg synest det er utruleg mange råd og organ som er involvert i det å driva ein skule. Her er ei lita oppsummering av desse, litt lettare å hugse når dei er lista opp slik som dette synest eg. Eg har teke utgangspunkt i forelesinga til Åshild.


§ 1-2: Grunnskulen (utdrag)
Grunnskulen skal i samarbeid og forståing med heimen hjelpe til med å gi elevane ei kristen og moralsk oppseding, utvikle evnene og føresetnadane deira, åndeleg og kroppsleg, og gi dei god allmennkunnskap, slik at dei kan bli gagnlege og sjølvstendige menneske i heim og samfunn.

Den vidaregåande skulen (utdrag)


Den vidaregåande opplæringa skal ta sikte på å utvikle dugleik, forståing og ansvar i forhold til fag, yrke og samfunn, og hjelpe elevane, lærlingane og lærekandidatane i deira personlege utvikling.
Den vidaregåande opplæringa skal vere med på å utvide kjennskapen til og forståinga av dei kristne og humanistiske grunnverdiane, den nasjonale kulturarven vår, dei demokratiske ideane og den vitskaplege tenkjemåten og arbeidsmåten




Det nasjonale styringsverket i skulesektoren
.
Kunnskapsdepartementet (utøvande og sentralt styrande organ)


Utdanningsdirektoratet (utreiande og premissleverande organ under dep.)
Fylkesmannen ved Statens utdanningsdirektør i kvar region/fylke (vart før kalla skuledirektør)
(organ for tilsyn og legalitetskontroll, også litt utviklingsansvar à skulevurdering)

Skuleeigarane

Ansvar for drift og utvikling av vidaregåande skular er lagt til fylke ved fylkesopplæringskontora og fylkesopplæringsdirektørane
Ansvaret for grunnskulane er lagt til kommunane ved skuleetat og skulesjef eller rådmann/kommunalsjef og rektorane ved skulane (der det berre er 2 nivå)


Skulemiljøutvalget.


Frå 17.juni 2005 skal alle grunnskular ha eit skulemiljøutval der elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skuleleiinga og skuleeigar er representerte.
Repr. for elevar og foreldre skal ha fleirtal. Dei har uttalerett, men ikkje beslutningsmyndighet.
I grunnskulen kan samarbeidsutvalet fungera som skulemiljøutval.


Samarbeidsorgana eller rådsorgana i skuleverket
Samarbeidsutvalet i grunnskulen.
Alle grunnskular skal ha eit samarbeidsutval med to representantar for undervisningspersonalet, ein for andre tilsette, to frå foreldrerådet, to frå elevane og to frå kommunen (ein av dei er rektor)
Kommunen han bestemma at samarbeidsutvalet skal fungera som styre for skulen


Foreldrerådet i grunnskulen


Foreldrerådet og foreldrerådsutvalet eller arbeidsutvalet for foreldrerådet (FAU)
Alle grunnskular skal ha eit foreldreråd der alle foreldra/føresette er medlemmar
Dette rådet skal ha eit arbeidsutval som m.a. kallar inn til foreldremøte På landsbasis skal det også vere eit nasjonalt Foreldreutval for grunnskulen (FUG)
Utvalet skal ha leiar, nestleiar og fem andre medlemmar. Funksjonstida er fire år.
Leiar no: Loveleen Brenna

Elevrådet og elevrådsutvalet eller arbeidsutvalet for elevrådet.
Grunnskulen:


Årstrinna 5-7 og 8-10 skal ha eit elevråd med representantar for elevane (talet bestemt av skuleeigar)
Vidaregåande skule:
Ved kvar vidaregåande skule skal det vere eit elevråd med minst eitt medlem pr. 20. elev.
Det skal veljast ved skriftleg val.



Skuleutval og skulemiljøutval
Alle vidaregåande skular skal ha eit skuleutval med to representantar frå elevrådet og med representantar for dei tilsette og for fylkeskommunen (rektor)


Skuleeigar kan gjere dette til styre for skulen.

Nytt:


Alle vidaregåande skular skal også ha eit skulemiljøutval med representantar for elevane, dei tilsette, skuleleiinga og skuleeigar. Elevane skal vere i fleirtal.
Skuleutvalet kan fungere som skulemiljøutval, men då med tilleggsrepresentantar for elevane.


Kjelder
Meling, B. 2008: Forelesning på HSH
Hargreaves, A. 2006: Lærerarbeid og skolekultur. Gyldendal Norsk Forlag. Oslo
Helle, L. 2006: Rom for handling. Universitetsforlaget. Oslo
Norsk lovdata: Opplæringslova. http://www.lovdata.no/

onsdag 2. april 2008

Utvikling i skulen.


Lærande organisasjonar
Målretta kompetanseutvikling i skulen er viktig for at skulen skal kunne tilpasse seg eit stadig meir kunnskapskrevjande og mangfaldig samfunn. Effekten av ei slik målretta kompetanseheving avheng av den kultur for læring som eksisterer på den einskilde skule. Det må fokuserast på den læringa som skjer som ein del av det daglege arbeidet for å utvikle skulen som ein lærande organisasjon. Dette krev at det pedagogiske personalet og skuleleiinga har rett og tilstrekkelig kompetanse, i tillegg til vilkår og motivasjon til å utvikle og dele sin kompetanse i det daglege arbeidet. Krava i kompetansesamfunnet gjer at skulen må kunne forandre seg og legge til rette for kontinuerlig læring. Dette stiller krav til alle i organisasjonen/skulen; alle må føle ansvar for å realisere felles mål, og ein må ha evne til kontinuerlig refleksjon med omsyn til måla ein set og verkemidla ein brukar.

Gjennom reforma ”Kunnskapsløftet” syner UFD korleis fylkeskommunen som skuleeigar og det vidaregåande opplæringssystemet skal heve kompetansen både i skule og bedrift i perioden 2005-2008. Reforma inneber endringar både i struktur og innhald. Den største endringa for verksemdene er endring i fag- og timefordelinga og nye læreplanar i alle fag. Den generelle delen av læreplanen skal behaldast, medan den nyutvikla Læringsplakaten peikar på dei sentrale måla for opplæringa. I reforma vert det lagt stor vekt på elevar og lærlingar si utvikling av fem grunnleggjande dugleikar; å kunne uttrykke seg munnleg, lese, rekne, uttrykke seg skriftleg og bruke digitale verktøy.
Skular og lærebedrifter blir allereie i dag møtt med krav om vurdering ikkje berre av elevane sine prestasjonar, men av skulen si evne til å skape eit godt læringsmiljø og få gode læringsresultat. Dette skjer igjennom det nasjonale vurderingssystemet som er etablert. Hovudelementa i systemet er; nasjonale prøver, elev- og lærlinginspektøren, data om fråfall og gjennomstrømminga i opplæringssystemet og ressursane skulane rår over.

Den generelle læreplanen for grunnopplæringa i Noreg definerer målet for grunnopplæringa (grunnskule og vidaregåande opplæring) slik: å ruste barn, unge og vaksne til å møte oppgåvene i livet og å meistre utfordringar saman med andre. Opplæringa skal vidare kvalifisere for produktiv innsats i dagens arbeidsliv og gje kompetanse til å meistre skiftande omgivnader og krav til omstilling i framtida.
Dette set krav til den lærande organisasjonen nå det gjeld utvikling, kompetanseheving og oppfylgjing av elevane som går på den enkelte skule.