lørdag 5. april 2008

Det nasjonale styringsverket i skulesektoren.

"Veldig" gamle Sagvåg skule. (Kjelde: S Kannelønning)

GAMLE SAGVÅG SKULE.

Skule huset stod og tok i mot oss kvar dag, stort og kvitt, med store auge som såg og fylgde med på alt som føregjekk i skulegarden.
Me var i gode hender.


Skulegarden var som skapt for oss ungar, store tre som me kunne klatra i, og ein bergvegg som ein kunne tru var toppen av øyas høgaste fjell.
Når me satt høgt der oppe var me liksom konge på haugen, ingen kunne nå oss der.
Heilt til ein lærar ropte,” Kjerstin! No må du komma ned” Me hadde vel eigentlig ikkje lov til å vera der når eg tenkjer meg om.


Inne i skulebygget var det lyse fargar, og det var mange stader ein kunne leika, det var ei bratt trapp i enden av korridoren. Den gjekk heilt opp til toppen av huset. når me gjekk opp der, blei det mørkare og mørkare til høgare opp i den smale trappa med kom.


På toppen av trappa var noko av det skumlaste eg kunne tenke meg, nemlig døra inn til det enorme loftet.
Loftet var kjempe høgt under taket, og langs med veggane var det plassert gamle ting og utstyr frå urgamle dagar. Skremmande men spanande!
Det var skikkelig skummelt, for me hadde høyrt at det kanskje spøkte der! Det var ein eller annan som hadde høyrt, at ein eller annan hadde sagt, at dei hadde høyrt mistenkelige lydar der oppe.
Men me såg aldri noko, og forresten så vågde me oss ikkje opp der så ofte heller.


Det var mange dører i skule huset, bak desse dørene var det mykje rart. Ei dør førte inn til vaktmeisterrommet, der sat vaktmeisteren og åt nista si i ein gammal grøn sofa. På veggen midt imot sofaen, var det hyller med masse rart, ei utstoppa ugle, som sto og fylgde oss med blikket. Ein utstoppa mink som såg ut som om den var fanga i fart, den var svart og veldig mjuk å ta på.
Men, øverst oppe på hylla var det eit stort blankt norgesglas, det var eigentlig det me var komt for å sjå, i det glaset var det ein hoggorm på sprit, ekkelt, men me berre måtte sjå på den.
Den hadde sikkert vore der på hylla, oppi det norgesglaset, sidan skulen var ny, og det var så lenge sidan at med klarte ikkje å førestilla oss det ein gong.

Vaktmeisteren fekk sjeldan ro i matpausen sin.

Han var ein veldig gammal mann, grå i håret. Og gjekk alltid i blå snikkerbukse. Han var sikkert 50 år.


Ei anna dør som var malt blå, var det husmorskule innafor.
Med stod utanfor døra, og kikka inn gjennom nøkkel holet, der kunne me skimta, eit stort kjøkken med mange komfyrar, sikkert ein til kvar!
Damer med forklede i mange fargar, og ei fantastisk lukt av nysteikte bollar spreidde seg rundt oss, tenk og fått ete så mange bollar ein kunne orke.


I andre etasje var det fire store klasserom, det eine var spesielt kjekt å kikka inn i, for der hadde dei skeive pultar, dei skråna liksom nedover på eine sida, som om det hadde stått noko tungt der. Me skjøna etter ei stund at det var dei same pultane som blei skeive heile tida, og det var der urokråkene satt. Det var læraren deira som slo knyttneven i pulten for å få ro, det virka sikkert bra! Det var alltid ein eller fleire pultar som var skeive, heile året ut.
Men når sommarferien var slutt, og skulen byrja igjen var alle pultane rette.
Nye blanke ark.
Kjerstin
















Eg synest det er utruleg mange råd og organ som er involvert i det å driva ein skule. Her er ei lita oppsummering av desse, litt lettare å hugse når dei er lista opp slik som dette synest eg. Eg har teke utgangspunkt i forelesinga til Åshild.


§ 1-2: Grunnskulen (utdrag)
Grunnskulen skal i samarbeid og forståing med heimen hjelpe til med å gi elevane ei kristen og moralsk oppseding, utvikle evnene og føresetnadane deira, åndeleg og kroppsleg, og gi dei god allmennkunnskap, slik at dei kan bli gagnlege og sjølvstendige menneske i heim og samfunn.

Den vidaregåande skulen (utdrag)


Den vidaregåande opplæringa skal ta sikte på å utvikle dugleik, forståing og ansvar i forhold til fag, yrke og samfunn, og hjelpe elevane, lærlingane og lærekandidatane i deira personlege utvikling.
Den vidaregåande opplæringa skal vere med på å utvide kjennskapen til og forståinga av dei kristne og humanistiske grunnverdiane, den nasjonale kulturarven vår, dei demokratiske ideane og den vitskaplege tenkjemåten og arbeidsmåten




Det nasjonale styringsverket i skulesektoren
.
Kunnskapsdepartementet (utøvande og sentralt styrande organ)


Utdanningsdirektoratet (utreiande og premissleverande organ under dep.)
Fylkesmannen ved Statens utdanningsdirektør i kvar region/fylke (vart før kalla skuledirektør)
(organ for tilsyn og legalitetskontroll, også litt utviklingsansvar à skulevurdering)

Skuleeigarane

Ansvar for drift og utvikling av vidaregåande skular er lagt til fylke ved fylkesopplæringskontora og fylkesopplæringsdirektørane
Ansvaret for grunnskulane er lagt til kommunane ved skuleetat og skulesjef eller rådmann/kommunalsjef og rektorane ved skulane (der det berre er 2 nivå)


Skulemiljøutvalget.


Frå 17.juni 2005 skal alle grunnskular ha eit skulemiljøutval der elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skuleleiinga og skuleeigar er representerte.
Repr. for elevar og foreldre skal ha fleirtal. Dei har uttalerett, men ikkje beslutningsmyndighet.
I grunnskulen kan samarbeidsutvalet fungera som skulemiljøutval.


Samarbeidsorgana eller rådsorgana i skuleverket
Samarbeidsutvalet i grunnskulen.
Alle grunnskular skal ha eit samarbeidsutval med to representantar for undervisningspersonalet, ein for andre tilsette, to frå foreldrerådet, to frå elevane og to frå kommunen (ein av dei er rektor)
Kommunen han bestemma at samarbeidsutvalet skal fungera som styre for skulen


Foreldrerådet i grunnskulen


Foreldrerådet og foreldrerådsutvalet eller arbeidsutvalet for foreldrerådet (FAU)
Alle grunnskular skal ha eit foreldreråd der alle foreldra/føresette er medlemmar
Dette rådet skal ha eit arbeidsutval som m.a. kallar inn til foreldremøte På landsbasis skal det også vere eit nasjonalt Foreldreutval for grunnskulen (FUG)
Utvalet skal ha leiar, nestleiar og fem andre medlemmar. Funksjonstida er fire år.
Leiar no: Loveleen Brenna

Elevrådet og elevrådsutvalet eller arbeidsutvalet for elevrådet.
Grunnskulen:


Årstrinna 5-7 og 8-10 skal ha eit elevråd med representantar for elevane (talet bestemt av skuleeigar)
Vidaregåande skule:
Ved kvar vidaregåande skule skal det vere eit elevråd med minst eitt medlem pr. 20. elev.
Det skal veljast ved skriftleg val.



Skuleutval og skulemiljøutval
Alle vidaregåande skular skal ha eit skuleutval med to representantar frå elevrådet og med representantar for dei tilsette og for fylkeskommunen (rektor)


Skuleeigar kan gjere dette til styre for skulen.

Nytt:


Alle vidaregåande skular skal også ha eit skulemiljøutval med representantar for elevane, dei tilsette, skuleleiinga og skuleeigar. Elevane skal vere i fleirtal.
Skuleutvalet kan fungere som skulemiljøutval, men då med tilleggsrepresentantar for elevane.


Kjelder
Meling, B. 2008: Forelesning på HSH
Hargreaves, A. 2006: Lærerarbeid og skolekultur. Gyldendal Norsk Forlag. Oslo
Helle, L. 2006: Rom for handling. Universitetsforlaget. Oslo
Norsk lovdata: Opplæringslova. http://www.lovdata.no/

1 kommentar:

Anonym sa...

Hello. This post is likeable, and your blog is very interesting, congratulations :-). I will add in my blogroll =). If possible gives a last there on my blog, it is about the Pen Drive, I hope you enjoy. The address is http://pen-drive-brasil.blogspot.com. A hug.