mandag 14. april 2008

Skule utvikling


Mens læraren er den enkeltfaktoren som sterkast påverkar læringa til elevane, er skuleleiaren den viktigaste enkeltfaktoren for korleis lærarane fungerer og for kulturen ved den enkelte skulen. Det inneber at det er ein nær samanheng mellom korleis skuleleiaren utøver leiarskapet sitt på og læringa til elevane. Rollene som skuleleiar og som lærar er komplementære og gjensidig avhengige av kvarandre.

Det viser seg at kvaliteten på arbeidet i kunnskapsorganisasjonar er nært knytt til om dei som arbeider der, opplever seg om aktør eller brikke. I stor grad dreier det seg om å vise tillit. Dette gjeld i høgste grad skulen. Skular med tydelege leiarar, og sjølvstendige lærarar, som får tillit og tar ansvar, oppnår dei beste resultata. Skuleleiarar som er i stand til å verdsetje det arbeidet som blir utført, bidrar til å skape kultur for læring og meistring.
Den moderne skuleleiaren arbeider i eit samfunn som har gjennomgått store forandringar. Skulen blir stadig viktigare for læringa til barn og unge i vid forstand. Skulen har utvida funksjonen sin og tar i aukende grad på seg oppgåver som tilsyn, omsorg og oppdraging på vegne av familien og samfunnet.
Dagens skuleleiarar har fått ei meir kompleks rolle. Skuleleiaren skal vere representant for arbeidsgivaren og arbeide for å nå målsetjingane til skuleeigaren. Skuleleiaren skal også vere pådrivarar i arbeidet med å nå nasjonale mål i utdanningspolitikken, dvs. sjå til at vi har skular som er i stand til å forstå og ta imot reformer. Skuleleiaren skal dessutan utøve pedagogisk leiarskap, det vil seie å ta et ansvar for læringsresultata til elevane.
Vi ser her ei leiarrolle som står i klar kontrast til den tradisjonelle skuleleiaren. Dagens og framtidas skuleleiarar er forventa å spele ei meir aktiv rolle som fornyarar og leiarar av endringsprosessar. Dei skal vere opne for impulsar utanfrå, samtidig som dei skal ha eit nært og aktivt forhold til lærarpersonalet og det arbeidet dei utfører.



i denne talen synest eg kunnskapsministeren får fram noko av det viktige med skulen som organisasjon og kva faktorar som er avgjerande for at ein har utvikling i skulen. Det er viktig med fornying, initiativ og kreativitet i skulekvardagen. Dette for leggje tilrette for endringr som stadig kjem og sjå det positive i dette , som ei vidare utvikling til beste for både lærarar og elevar.

det vart berre eit utdrag dette men det var så godt skrive og det passa så godt inn i tema for dagen.





1 kommentar:

Oddveig sa...

Hei Kjerstin!
Det er heilt sikkert at det er utruleg viktig å ha ein positiv og samarbeidsvillig skuleleiar, ellers stoppar mykje opp! At skulen, skuleleiing, og ikkje minst lærarar er i utvikling i takt med samfunnet har utruleg mykje å bety. Skulen må vera på nett same nivå som samfunnet elevane opplever å veksa opp i! Veldig bra skrive her Kjerstin!
Klem Oddveig:-)