onsdag 2. april 2008

Utvikling i skulen.


Lærande organisasjonar
Målretta kompetanseutvikling i skulen er viktig for at skulen skal kunne tilpasse seg eit stadig meir kunnskapskrevjande og mangfaldig samfunn. Effekten av ei slik målretta kompetanseheving avheng av den kultur for læring som eksisterer på den einskilde skule. Det må fokuserast på den læringa som skjer som ein del av det daglege arbeidet for å utvikle skulen som ein lærande organisasjon. Dette krev at det pedagogiske personalet og skuleleiinga har rett og tilstrekkelig kompetanse, i tillegg til vilkår og motivasjon til å utvikle og dele sin kompetanse i det daglege arbeidet. Krava i kompetansesamfunnet gjer at skulen må kunne forandre seg og legge til rette for kontinuerlig læring. Dette stiller krav til alle i organisasjonen/skulen; alle må føle ansvar for å realisere felles mål, og ein må ha evne til kontinuerlig refleksjon med omsyn til måla ein set og verkemidla ein brukar.

Gjennom reforma ”Kunnskapsløftet” syner UFD korleis fylkeskommunen som skuleeigar og det vidaregåande opplæringssystemet skal heve kompetansen både i skule og bedrift i perioden 2005-2008. Reforma inneber endringar både i struktur og innhald. Den største endringa for verksemdene er endring i fag- og timefordelinga og nye læreplanar i alle fag. Den generelle delen av læreplanen skal behaldast, medan den nyutvikla Læringsplakaten peikar på dei sentrale måla for opplæringa. I reforma vert det lagt stor vekt på elevar og lærlingar si utvikling av fem grunnleggjande dugleikar; å kunne uttrykke seg munnleg, lese, rekne, uttrykke seg skriftleg og bruke digitale verktøy.
Skular og lærebedrifter blir allereie i dag møtt med krav om vurdering ikkje berre av elevane sine prestasjonar, men av skulen si evne til å skape eit godt læringsmiljø og få gode læringsresultat. Dette skjer igjennom det nasjonale vurderingssystemet som er etablert. Hovudelementa i systemet er; nasjonale prøver, elev- og lærlinginspektøren, data om fråfall og gjennomstrømminga i opplæringssystemet og ressursane skulane rår over.

Den generelle læreplanen for grunnopplæringa i Noreg definerer målet for grunnopplæringa (grunnskule og vidaregåande opplæring) slik: å ruste barn, unge og vaksne til å møte oppgåvene i livet og å meistre utfordringar saman med andre. Opplæringa skal vidare kvalifisere for produktiv innsats i dagens arbeidsliv og gje kompetanse til å meistre skiftande omgivnader og krav til omstilling i framtida.
Dette set krav til den lærande organisasjonen nå det gjeld utvikling, kompetanseheving og oppfylgjing av elevane som går på den enkelte skule.

Ingen kommentarer: