søndag 6. april 2008

Frå segregering, til integrering og inkludering.


Det er som me alle sikkert veit mange nye og til dels ukjende ord me vert kjend med på denne lærarutdanninga. Mykje byrjar å verta ganske så kjent og ein kjenner at ein er på eit litt anna stadie enn for 2 år sidan. Ein kan vel seie at ein har hatt ei form for utvikling mentalt og fagleg :)


Me har hatt som emne tidlegare dette med born med spesielle behov. Eg synest dette med segregering, integrering og inkludering kan vere på sin plass når me tar for oss dette.

Opplæringslova seier at:

"alle elever i grunnskolen har rett til å gå på den skolen de sokner til, og for begge skoleslag gjelder det at alle har rett til å tilhøre en klasse"

Segregering: Tyder at ei folkegruppe vert skilt frå dei andre på eit eige område.

Tidlegare vart menneske med psykisk utviklingshemming tekne ut av det "normale" samfunnet og oppbevart på institusjonar "frå vogge til grav".
Men det var før dette kom i 1991:
"Segregering ble etter hvert erstattet av et ønske om større grad av integrering. Diskriminerende og segregerende særordninger skulle fjernes til fordel for organisatorisk og sosial integrering. Det innebar at tiltak og tjenester så langt det var mulig skulle utformes og forankres i den enkeltes lokalmiljø. Samfunnets vanlige serviceorganer skulle ha det fulle ansvar for mennesker med nedsatt funksjonsevne på linje med andre borgere, og spesialordninger og særtiltak skulle fjernes. Det tok imidlertid lang tid før målet og ønsket om større grad av integrering nedfelte seg i politiske vedtak og reformer" .( Regjeringen.no)

"Reformen for mennesker med psykisk utvik­lingshemming i 1991 medførte nedlegging av institusjonene i det fylkeskommunale HVPU (Helsevernet for psykisk utviklingshemmede) og overføring av ansvaret for tjenestetilbudet til kommunene." ( regjeringen .no)


Integrering:

i 1970 åra vart grunnskulelova og spesialskulelova slått i saman, målet med dette var at desse to skule systema skulle komme litt nærare kvarandre, enn dei var frå før. Resultat skulle vere det som vart kalla " Enhetsskulen, en skule for alle". etter kvart vart det eit mål at elevane skulle ha rett til ein plass på sin lokale skule.
Resultatet av dette var at funsjonshemma og dei med lærevanskar vart integrert i den vanlege skulen, og dette fekk då sjølvsagt konsekvensar for organiseringa og innhaldet av spesialundervisninga som var i skulen frå før. Dette opna opp for å sjå på pedagogikken med andre auge og slik få fram noko nytt, ikkje meir av det som var frå før.

Inkludering:
Er eit spørsmål om lokal tilhøyre og likeverdighet. Dette er ein prosess som omfattar korleis omsette dette til praksis, og korleis skulane kan endra seg stegvis gjennom ulike tiltak og kompetanseutvikling. Resultatet av denne prosessen skal vere at alle elevane vert aksepterte og får eit tilbod i skulen.

Dette føreset ei individuell forplikting, der den enkelte lærar si oppfatning av kva inkludering er, er den viktigaste føresetninga for endring i skulen. (Clark mfl. (1999))
Når eg ser på denne utviklinga så ser eg meir og meir at det er prøv og feil metoden som vert gjennomført i dei ulike instansar. Mange gonger så veit ein ikkje konsekvensane av tiltak som vert utførde og lover som vert vedtekne. Men i ettertid kan ein vere etterpå klok og gjera vurderingar på grunnlag av resultata, positive og negative. Dette er nok ein del av det å ha eit land i utvikling, meininga er nok god, men prisen kan vere høg for nokre.Særleg dei som vart utsette for HVPU reforma. Dei svakaste av dei svake vart skadelidande i denne omstillingsprosessen,( Einsemd, mobbing, isolasjon).


Det er samstundes viktig å vere kritiske og reflekterande over ting som har vore gjort og ikkje.


For eksempel, kva konsekvenser har inkluderingsprinsippet i norsk skule dei siste femten åra fått for lærerutdanninga i Noreg?

Ein konsekvens av dette burde vore meir spesialpedagogikk i lærarutdanninga, det som er no, er nok altfor lite omfattande til at ein lærar er rusta for det som ventar ein av utfordringar ute i skulekvardagen.


kjelder:









1 kommentar:

mariasol sa...

Heisann Kjerstin!
Dette var jammen meg ein flott blogg! Spannande og fin å sjå til og:)
Eg er enig med deg i at lærarane ikkje er godt nok rusta til å takla alle utfordringane som ein kan komme over idag. Spes.pedagogikk burde vore eitt krav!
Hugsar då eg for fyrste gong gjekk ut i læraryrket, då fekk eg utdelt ein klasse på 26 elevar der 3 var paragraf 5 elevar og ein elev var utv.hemma. Vi møtte på mange utfordringar undervegs, som eg ofte følte eg ikkje hadde kompetanse til å takle. Men det gjekk heldigvis fint! Og sett i ettertid så lærer ein jo masse av å ta ting litt som dei kjem, og søke opp læring undervegs og!
Ein lærer så lenge ein har elevar!