søndag 30. mars 2008

Ungdomsalderen.



Ungdomsalderen.

Eg har ikkje fått med meg undervisninga i ped denne veka fordi eg har vore på tur med ein ungdomsskuleklasse til fjells. Men eg trur at i desse dagane eg var borte, faktisk har fått med meg mykje som angår emnet som me er inne på no, nemleg ungdomsalderen, og utfordringar som ein kan kome borti som lærar for denne aldersgruppa. Det at borna i denne alderen er inne i ein utviklingsfase som kan vere både krevande og vanskeleg er ikkje til å komme bort i frå.
Når borna byrjar på skulen i 1 årstrinn, er det store Skilnader på utvikling og læreføresetnader hos kvar enkelt elev. I ungdomsalderen som eg reknar for mellom 13 og 18 år her, er det og store skilnader. Eg såg at det var store skilnader på utvikling her og, då snakkar eg ikkje om det faglege men det intellektuelle. Det å samhandla med andre og kanskje ane konsekvensar av det ein seier og gjer, det å ta ansvar, å gjere noko for felleskapet og liknande.
Nokre elevar er svært ansvarsfulle, tar hensyn og yter slik mykje for fellesskapet og venene sine. Medan andre helst vil sleppa unna med å gjere minst mogleg, og bryr seg ikkje om at andre kan verta støytte av måten dei oppfører seg på.
Nokre er høgrøsta og krev merksemd heile tida, medan andre knapt synest, dei er stille og trekkjer seg litt bort.
Det å respektere at det er reglar er ikkje alltid like lett for alle, nokre synest dette er greit, medan andre trur dei kan forhandle seg fram til alt. Kanskje dei er vande med dette heime, å heile tida få alternativ, og slik slepp å forhalde seg til reglar som dei ikkje likar eller synest er ubehagelige. Det å godta at ein må faktisk gjere ting utan å argumentere, kan vere vanskeleg for nokre.
Det som og er viktig for born i denne alderen er vener og vennskap. Enkelte er utruleg knytta til kvarandre, nesten avhengig.


Vaksne som møter ungdom generelt gjennom sitt arbeid som lærar, klubb eller aktivitetsleder står i ein unik posisjon til å styrka dei unge si sjølvkjensle, og slik vere med på å få fram den enkelte elev sine talent og ressursar. Gjennom å ta elevane på alvor og visa at ein bryr seg og har omsorg , kan ein klare å byggja relasjonar til elevar som kan vere verdifulle for deira vidare liv og utvikling. Det å ha vaksne rollemodellar som har tru på at den enkelte elev kan lukkast er avgjerande for mange i deira vidare liv.

Ungdomsalderen er en viktig utviklings- og identitetsformende fase av livet. For de yngste er det snakk om pubertet og overgangsalder, som er preget av sterk utvikling både fysisk, intellektuelt, sosialt og emosjonelt. Her skjer det en endring i referansepunkt ved at foreldrene blir et svakere holdepunkt, mens ungdomsgruppen får økt betydning i tilværelsen.

Litt om dei ulike stadia i utviklinga til eit born på veg mot den vaksne verda.
l
Piaget – utvikling av kognitiv kompetanse
–Periode for preoperasjonell tenking (11 år à)
lFørestillingsevne
lResonneringsevne
lVurderingsevne



l
Kohlberg – moralsk utvikling
–Det etterkonvensjonelle nivået (13 år à)
lOrientering mot sosial overeinskomst (samfunnet definerer kva som er rett og galt til ei kvar tid)
lOrientering mot universelle etiske prinsipp(samvitet definerer rett og galt i høvt til overordna verdiar og etiske prinsipp
)

l
Erikson

– personleg utvikling
–Pubertet/ungdomsalder/tidleg vaksen alder (ikkje tidfesta)
- Identitet ßà Identitetsforvirring
- Vennskap, intimitet ßà Isolasjon
-Produktivitet ßà Unytte, stagnasjon


Som ein ser så er det mange faser og kriser i ei ungdomstid.



















søndag 23. mars 2008

Når me ser, kva gjer me då?


Her er berre ei påminning om korleis ein skal gå fram dersom ein som lærar kjem opp i situasjonar der elevane har lidd overlast og har vore utsette for ulike former for misbruk og mishandling, psykisk og fysisk. Dette er vanskelege område å bevega seg inn på og ein treng difor å fylgja dei lover og reglar som er for at ting skal vere ryddige og rett fylgt opp. Det er kjempeviktig at det er ein viss form for ryddighet frå læraren si side særleg i slike saker.


Kapittel 15. Bruk av forvaltningslova.


Opplysningsplikt § 15-3. Opplysningsplikt til barneverntenesta


Personalet i skolar etter denne lova skal i arbeidet sitt vere på vakt overfor forhold som kan føre til tiltak frå barneverntjenesta.

Utan hinder av teieplikta skal personalet av eige tiltak gi opplysningar til barneverntenesta når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen eller når det ligg føre andre former for alvorleg omsorgssvikt, jf. §§ 4-10 til 4-12 i lov 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntenester, eller når eit barn har vist vedvarande alvorlege åtferdsvanskar, jf. § 4-24 i den same lova. Også etter pålegg frå dei organa som er ansvarlege for å gjennomføre lov 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntenester, skal personalet gi slike opplysningar.


§ 15-4. Opplysningsplikta til sosialtenesta


Personalet i skolar etter denne lova skal i klientsaker gi råd og rettleiing til sosialtenesta. Personalet skal vere på vakt overfor forhold som bør føre til tiltak frå sosialtenesta, og skal av eige tiltak gi sosialtenesta opplysningar om slike forhold. Av eige tiltak kan opplysningar berre givast med samtykke frå eleven, eventuelt frå foreldra, eller så langt opplysningane elles kan givast utan hinder av teieplikta.



lørdag 22. mars 2008

Foreldresamarbeid i skulen.

Det er nok mange foreldre som har born i skulen som ikkje er klar over kor mykje dei kan vere med på å påverke borna sine sin skulegong, dette er det særs viktig å få fram, men korleis skal ein få formidla dette, og er ein som lærar interessert i at foreldra skal blande seg inn i korleis ein underviser og gjer jobben sin? dette har me diskutert fleire gonger og det me kjem fram til er det same kvar gong. Dersom me gjer jobben vår godt, kan resultatet verta at me får foreldra med oss og gode relasjonar til desse , då har me eit lettare løp i jobben som lærar. Foreldra si rolle i borna sin skule gong er undervurdert og eigentleg sett lite fokus på. Tidlegare har dette liksom vore læraren sin jobb og foreldra har ikkje sett det som si plikt å fylgja opp borna sine etter at dei er kome heim frå skulen, då tenkjer eg på skulearbeid og liknande. Men i opplæringslova som er vidareført i LK06 og som der vert kalla Læringsplakaten med sine "Prinsipp for opplæringa" der står det tildømes at skulen skal :

-leggje til rette for samarbeid med heimen og sikre at foreldre/føresette får medansvar i skolen(Oppl.l. § 1-2 og forskrift § 3-2)
Og det er faktisk slik at det er foreldra som har hovedansvaret for oppsedinga av borna sine, lærarane har sitt mandat frå foreldre og samfunn.

”(..) Samarbeid mellom skolen og hjemmet er et gjensidig ansvar, men skolen skal ta initiativet og legge til rette for samarbeidet. Opplæringsloven, forskrift til loven og Læreplanverket danner grunnlaget for samarbeidet, og foreldre/de foresatte skal ha reell mulighet for innflytelse på egne barns læringsarbeid faglig og sosialt (..)”
(LK06:35: Prinsipper for opplæringen.)
Det er viktig at ein som lærar tek foreldra med på skulegongen til borna deira og det kan vere fleire nivå som ein går igjennom då i følge Nordahl( 2007: 28ff)
1.Informasjon
2. Dialog og drøfting
3. Medverknad og medbestemming
Samstundes så er det viktig å ha heilt klart kva som er foreldra sitt ansvar, Kva som er skulen sitt ansvar og kva som er det felles ansvar.
Det er viktig at læraren nyttar si komunikative makt rett og slik ser foreldra som:
1. Ein ressurs.
2. Har gode relasjonar til foreldra , der ein gjennom gjensidig tillit oppnår dialog, forståing og sameining.
3. At ein er konkret og tydeleg når ein opplyser om kva som er foreldra si rolle og kva som er læraren si. Kva ein forventar av kvarandre.
4. Det er og viktig at ein har realistske forventningar til eleven, og at ein har tru på at eleven skal lukkast.
Resultat av dette kan vere at eleven og foreldra får positive opplevingar av skulesamarbeidet.
At eleven får positive opplevingar med å gå på skulen og at prestasjonane vert gode ved at eleven vert betre motivert til slik å yte meir.
Det me har sett ute i skule kvardagen er at det kan vere store skilnaden på born som ikkje vert følgd opp heime og dei elevane som vert det. Det kan få store faglige konsekvensar særleg i byrjinga av skulegongen. dette veit me kan og få ringverknader seinare i løpet av den vidare skulegongen. Så klarar me å få sett meir fokus på kor viktig dette er for elevane at dei får god oppgylgjing, at foreldra vert oppfordra til å ha ei positiv haldning til skulen, lærarane og til skulemijøet. Dess meir gode relasjonar ein får til dette, dess tryggare vert elevane og foreldra på deira rolle, og kva som vert forventa av dei.




tirsdag 18. mars 2008

Det verdifulle mangfaldet.


I vår utdanning har me vore så heldige at me har fått vore ute i praksis for å læra og sjå korleis skulekvardagen i røynda er og slik har me fått sett ulike måtar å gjennomføra undervising på. Det eg har lagt merke til er at det kan vera mange måtar å utføra spesialundervising av elevar med særskilte behov på. I skulen er det viktig for elevane å samhandla med andre og få opplæring i den sosiale kompetansen som er avgjerande for korleis ein til slutt samhandlar med andre medmenneske som vaksen, dette med haldningr og verdiar , å setja pris på mangfaldet og skilnadene i samfunnet og menneska rundt oss., er viktige ting å ha fokus på. Det er viktig at ein elev finn sin plass i klassen og slik vert trygg , derifrå jobbar ein med fag og legg opp undervisning som er tilpassa den enkelte elev / elevgruppe. Det å leggja opp til at enkelt elevar vert tekne ut av vanleg undervising for å få spesiell tilpassa opplegg kan ha sin pris, eleven finn ikkje sin plass, eleven mistar mykje av det som dei andre elevane får gjenomgått, dette kan vere faglege ting men og andre sosiale samhandlingar som foregår medan eleven ikkje er tilstades.
Eg har tru på at det er viktig med individuellt tilpassa opplegg, men eg er ikkje så einig i at elevane skal verta tekne ut av klassemiljøet i denne prosessen. ( sjølvsagt finst det elevar som bør og skal takast ut for å skjerma og skåna dei andre elevane til tider) Men så langt det lar seg gjere så trur eg at det beste er å vere i klassemiljøet og slik få den opfylgjinga som ein treng der. Eg trur at ein må heile tida ha fokus på den sosiale samhandlinga, og at elevane som skal ha tilrettelagde og støttande opplegg berre vert tekne ut i korte økter, slik at dei alikevel er med på det som dei andre elevane gjer og samstundes har sitt eige opplegg. Dette for å støtta opp om kor viktig den sosiale komptansen og plassen i klassen er i ein elev sin skulegong. Dette er viktige ting som me som lærarar må få meir fokus på ,og det er nok ikkje alltid like enkelt å løyse, men eg trur at dersom ein legg opp til og har den rette fokus, så får ein dette til, og det er stor skilnad på å forsøkja å leggje opp eit godt opplegg enn ikkje å forsøkje i det heile. Resultata kan verta at me får elevar som i skule gongen hadde behov for særskilte tiltak, men samstundes kjende at dei var ein del av miljøet i klassen og hadde sin plass. Dette er viktige verdiar å ta med seg vidare i livet. og kan faktisk vere med på å leggja grnnlaget for at menneske lukkast og vert trygge på seg sjølve.

læringsplakaten seier at skulen og lærebedrifta skal :

- sikre at det fysiske og psyko-sosiale arbeids- og læringsmiljøet fremmer helse, trivsel og læring.

Dette er viktige prinsipp i grunnskule opplæringa og tyder at :

Sosial og kulturell kompetanse
Eit tydeleg verdigrunnlag og brei kulturforståing er grunnleggjande for eit inkluderande sosialt fellesskap og eit læringsfellesskap der mangfaldet blir sett høgt og respektert. I eit slikt læringsmiljø er det rom for samarbeid, dialog og meiningsbryting. Elevane får delta i demokratiske prosessar og kan slik utvikle demokratisk sinnelag og forståing for at aktiv og engasjert deltaking er viktig i eit mangfaldig samfunn. Eit tydeleg verdigrunnlag og brei kulturforståing er grunnleggjande for eit inkluderande sosialt fellesskap og eit læringsfellesskap der mangfaldet blir sett høgt og respektert. I eit slikt læringsmiljø er det rom for samarbeid, dialog og meiningsbryting. Elevane får delta i demokratiske prosessar og kan slik utvikle demokratisk sinnelag og forståing for at aktiv og engasjert deltaking er viktig i eit mangfaldig samfunn.

For å utvikle den sosiale kompetansen til elevane skal skolen og lærebedrifta leggje til rette for at dei i arbeidet med faga og i verksemda elles får øve seg i ulike former for samhandling og problem- og konflikthandtering. Elevane skal utvikle seg som sjølvstendige individ som vurderer konsekvensane av og tek ansvaret for eigne handlingar. Opplæringa skal medverke til å utvikle sosial tilhøyrsle og meistring av ulike roller i samfunns- og arbeidslivet og i fritida.











søndag 16. mars 2008

Punktmetodikk . Krl 6 mars. 2008

((Påskegudstjeneste. 2 årstrinnet)




  • Punktmetodikk Torsdag 6 mars.2008


    Emne: Krl.

    Foreldresamarbeid.
    Utfordringar med Krl faget.
    Samarbeid skule- Kirke.




    Me fekk ei innføring I Korleis kristendommen har bygd opp vår verdsdel, og at den representerer verdiar og holdningar som me lever etter i denne delen av verda.
    Men at det er naturleg at det vert endringar av dette faget sidan det er store endringar i det norske samfunnet, der mange religionar vert representert ved at det er stor innvandring frå andre kulturar.

    Krl faget representerer dei djupaste spørsmåla hos mennesket, og skal vera allmenndannande og slik leggja ein felles basis for samfunnet vårt.
    Det er eit stort fag å undervisa i og no i nyare tid har andre religionar fått større vekting i undervisinga enn før. Som lærar har ein ansvar for å undervisa etter dei gjeldande læreplanane. Men det kan vere utfordringar når det gjeld å få eit innhald i dette faget, fordi det vert så lite røyndomsnært for elevane. Det kan og vera vanskar med å vera nøytral i dette faget.


Samarbeid skule –kirke.

Stord kommune har ein fyldig plan om kva kirka har å tilby av undervisings opplegg for elevane i grunnskulen. Dette vert lagt fram for rektor og lærarar på dei aktuelle skulane.
På Sagvåg skule går alle klassane på julegudsteneste. Elevane får eit skriv med seg heim der foreldra godkjenner at elevane kan gå til kirka.

1 årstrinn: Påskevandring. Der dei gr igjennom påskeevangeliet.
2 og 6 årstrinn: Påskegudsteneste. Tilpassa denne aldersgruppa.
3 årstrinn : Pilgrimsvandring.
4 årstrinn: Symbolbruk i kirka og betydningen av desse.
5 årstrinn: Vandring i bibelen.
Det er ikkje mykje lærebøker som er ute på marknaden i dette faget, den einaste boka er ”Vi i verda” i frå cappelen sitt forlag.
Og som i alle fag er det variasjon i undervisinga der ulike utrykk for religionar gjev best læringsutbytte. Kreativitet.

Oplæringslova seier at skulen og lærebedrifta skal :

- stimulere elevene og lærlingene/lærekandidatene i deres personlige utvikling og identitet, i det å utvikle etisk, sosial og kulturell kompetanse og evne til demokratiforståelse og demokratisk deltakelse


Punktmetodikk om vurdering i skulen.5 mars 2008

( Ser ein elevane? )

Punkt metodikk på Sagvåg skule Onsdag 5 mars.08

Emne: Vurdering i skulen.
Me fekk ei innføring oi korleis vurdering har vore gjennomført sidan 1800 talet der orden og åtferd var det som vart vurdert då. Dette heng faktisk igjen i vurderinga ved skular i dag og.
1 1922 vart det innført vurderingsformer som hadde undervegsvurdering. Det var vegen mot målet som var i fokus.
Me ser at i L 97 er nokre av desse prinsippa frå 1922 vidareført.
I 1960- 1969 vart det innført ei forsøksordning med 9 årig grunnskule.
1971 vart karakterar avskaffa i grunnskulen, og ein starta med å ha foreldresamtalar der ein hadde kontakt med heimen to gonger i året.
Når ein ser på konsekvensane ved å nytta karakterar i grunnskulen som vurderingsform , ser ein at dette er for nokre motiverande, men det kan og vere med på å hindra at skulen ikkje når sine mål, då med tanke på oppfylgjing av dei svakaste elevane som ikkje kjem opp på karakter skalaen og ikkje ser dette som noko motiverande men heller noko destruktivt for deira utvikling. Det å ha ulike vurderingsformer kan faktisk vere avgjerane for korleis elevane oppfattar sin eigen innsats og korleis dei kan lukkast og få auka motivasjon utan karakterar.
Skrekk eksempelet har me vel alle høyrt om Gaus Kurven, (grøss og gru.)
Det nye i Lk06 er:
Undervegsvurdering
Målstyrt
Dokumentasjon av måloppnåing.
Metodefrihet.

Intensjonane med kunnskapsløftet er :
Nasjonale felles kjenneteikn, der elevane bør og skal ha :

Ha ei meining med det dei gjer.
Konkretisering av vegen mot målet
Eigen vurdering av eigen innsats. Har eg jobba godt, korleis er produktet, loggføring individuelt. Elevane har ein utruleg sjølvinsikt og veit ofte kvar skoen trykkjer, kva som kan gjerast betre og kva dei verkeleg kan og har jobba med
Summativ vurdering (sluttvurdering)
Formativ vurdering (undervegs vurdering)
Rettferdig vurdering.

Poenget med vurdering er at det skal vere eit forhold mellom innsats og resultat.
Konklusjonen vert at det er viktig med refleksjon av eigen pedagogisk praksis, altså pedagogisk medvit. Ser ei elevane ein underviser? Har ein eit mål med det ein gjer? Og korleis kjem ein framover mot dette målet.?






”If you dont know where you are going, any way can take you there”

lørdag 15. mars 2008

Planlegging av overtagelsespraksis fyrste veka i praksisperioden vår. veke 9. 2008



Punktmetodikk i praksis.

Den første økta me hadde var onsdag før praksisstart. Då handla det om planlegging av overtagelsespraksis, me fekk god innføring i kva som skulle skje. Lærarane skulle reisa til England på studie tur og me skulle då med hjelp og støtte frå dei få faste assistentar og lærarar som var igjen.
Me fekk gjekk gjennom kriseplan og korleis me skulle gjera dersom det oppstod situasjonar. Rune Vidar vart oppnemd til rektor.( litt seinare)
Men det som eg syntest var viktig ved dette var å få innsyn i elevgruppa som me skulle ha ansvar for denne veka, eg var på 4 årstrinnet saman med Lone. Me fekk nokre gode samtalar saman med læraren som hadde ansvaret for desse elevane, og me fekk innsyn i dei ulike emneområda som me skulle vera innom desse dagane. Me fekk prata om elevgruppa korleis den fungerte kva som kunne vera utfordringane og kva me måtte ta hensyn til dersom det var særskilte behov hos enkelte elevar. Det var og godt å få vera på observasjon i to dagar før prasisperioden starta for å bli betre kjent med elevane og dei med oss.
Eg var inne på kunnskapsløftet då i ettertid når eg skulle planleggja undervisinga for desse dagane, for å sjå kva skal elevane på 4 årsstrinn skal ha gjennomgått og kva er kompetansemåla for dette årstrinnet. Eg fann då ut at til dømes elevane på 4 årstrinn har som kompetansemål i tildømes samfunnskunnskap at dei skal ha om eldre tider i Noreg, då var det naturleg sidan dei hadde hatt om jernalderen å fortsetja med bronsealderen som var frå 1500-500 f.kr.

Kompetansemål for 4 årstrinn:


- fortelje om korleis jordbruket forandra levemåten i Noreg og Norden og beskrivehovudtrekk ved bronsealderen og jernalderen.
- -skape forteljingar om menneske i fortida og snakke om skilnader og likskapar før og no.
Utifrå dette laga eg eit undervisings opplegg der eg var inne og fann lærestoff frå læreboka CUMULUS ( frå 3 årstrinn) der var det masse flotte bilete som elevane likte veldig godt. det å nytta nettressursar ser eg meir og meir nytta av, det er utruleg kva ein kan finna dersom ein leitar litt. Masse bilete og masse opplysingar som var veldig relevant for akkurat dette faget og denne epoken som me var innom vart resultatet av litt søking på nettet.Når ein skal leggja opp og planleggja undervising så kem ein ikkje vek i frå dette med differensiering. ein må heile tida ha noko i bakhånd til dei som er svake i fag men og utfordringar til dei som er sterke i fag.
Som det står i opplæringslova § 1-2 : Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven, lærlingen og lærekandidaten.
Slik trur eg at ein kan leggje opp gode og lærerike opplegg som er tilpassa elevgruppa og samstundes den enkelte elev.


Praksis




No er me ferdige med praksisperiodane våre det er både godt men samstundes vemodig. me skal ikkje vera saman meir med dei kjekke og greie elevane som me har fått god kontakt med denne tida. Me har og fått anledning til å arbeida saman med fantastiske lærarkollegare som har teke imot oss på den beste måte.Me har kjent oss viktige og me har kjent at det me kan bidra med faktisk er blitt sett på som ein viktig ressurs og inspirasjon for dei. Det er utruleg viktig for sjølvkjensla til ein student som ikkje er så trygg på det han gjer, at ein faktisk får anerkjenning og konstruktive tilbakemeldingar.Så takk til ein god og trygg praksis skule for oss studentar.

Eit av dei områda som eg har sett som viktig i desse periodane ute i praksis er dette med samhandling mellom kollegaer og korleis ein oppnår god kontakt og slik skapar eit godt abeidsforhold .Dette med å vera audmjuk og stilla seg åpen for deira måtar å arbeida på er viktig synest eg, eg er ikkje kome som student til dei for å endra på deira måtar å gjera jobben sin på, eg er der for å dra nytte av deira kompetanse. Og det har me fått kjenna til fulle at me har fått lov til.Me har vore på eit årstrinn der lærarane har ei brei og lang lærarerfaring, og det har vore utruleg lærerikt å sjå koleis dei utøver sin måte å både forhalda seg til elevane og korleis dei har lagt opp undervisninga.Språket dei nyttar når dei snakkar med elevane og liknande.Som ein av dei sa til oss, me er glade i elevane våre og eg trur at dei merkar det, sjølv om det er strenge grenser, dette vert trygt og godt for elevane. Eg som student har merka meg at atmosfæren i klasserommet er lun, det er ingen som snakkar høgt (skrik) det vert gjeve klare gode beskjedar slik at elevane skjønar kva dei skal gjere. Og uansett kva som skjer så er desse lærarane der for å ta vare på og gje desse elevane den beste undervisinga som er.

Takk for oss ,me er glade for at me har fått hatt praksis på ein god og systematisert skule der me studentar har vorte tekne på alvor og blitt godt rettleia og følgt opp .