søndag 23. mars 2008

Når me ser, kva gjer me då?


Her er berre ei påminning om korleis ein skal gå fram dersom ein som lærar kjem opp i situasjonar der elevane har lidd overlast og har vore utsette for ulike former for misbruk og mishandling, psykisk og fysisk. Dette er vanskelege område å bevega seg inn på og ein treng difor å fylgja dei lover og reglar som er for at ting skal vere ryddige og rett fylgt opp. Det er kjempeviktig at det er ein viss form for ryddighet frå læraren si side særleg i slike saker.


Kapittel 15. Bruk av forvaltningslova.


Opplysningsplikt § 15-3. Opplysningsplikt til barneverntenesta


Personalet i skolar etter denne lova skal i arbeidet sitt vere på vakt overfor forhold som kan føre til tiltak frå barneverntjenesta.

Utan hinder av teieplikta skal personalet av eige tiltak gi opplysningar til barneverntenesta når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen eller når det ligg føre andre former for alvorleg omsorgssvikt, jf. §§ 4-10 til 4-12 i lov 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntenester, eller når eit barn har vist vedvarande alvorlege åtferdsvanskar, jf. § 4-24 i den same lova. Også etter pålegg frå dei organa som er ansvarlege for å gjennomføre lov 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntenester, skal personalet gi slike opplysningar.


§ 15-4. Opplysningsplikta til sosialtenesta


Personalet i skolar etter denne lova skal i klientsaker gi råd og rettleiing til sosialtenesta. Personalet skal vere på vakt overfor forhold som bør føre til tiltak frå sosialtenesta, og skal av eige tiltak gi sosialtenesta opplysningar om slike forhold. Av eige tiltak kan opplysningar berre givast med samtykke frå eleven, eventuelt frå foreldra, eller så langt opplysningane elles kan givast utan hinder av teieplikta.



1 kommentar:

rvvestre sa...

Dette er forferdelig vanskelige saker å komme opp i. Det er nok desverre mest sansynlig at mange av oss kommer til å komme opp i noen saker vi absolutt ikke liker. Men vi bør tenke gjennom i forkant hvordan og hva vi vil gjøre. Det kan bli litt enklere da den gang vi kommer opp i noe sånt.