lørdag 15. mars 2008

Praksis




No er me ferdige med praksisperiodane våre det er både godt men samstundes vemodig. me skal ikkje vera saman meir med dei kjekke og greie elevane som me har fått god kontakt med denne tida. Me har og fått anledning til å arbeida saman med fantastiske lærarkollegare som har teke imot oss på den beste måte.Me har kjent oss viktige og me har kjent at det me kan bidra med faktisk er blitt sett på som ein viktig ressurs og inspirasjon for dei. Det er utruleg viktig for sjølvkjensla til ein student som ikkje er så trygg på det han gjer, at ein faktisk får anerkjenning og konstruktive tilbakemeldingar.Så takk til ein god og trygg praksis skule for oss studentar.

Eit av dei områda som eg har sett som viktig i desse periodane ute i praksis er dette med samhandling mellom kollegaer og korleis ein oppnår god kontakt og slik skapar eit godt abeidsforhold .Dette med å vera audmjuk og stilla seg åpen for deira måtar å arbeida på er viktig synest eg, eg er ikkje kome som student til dei for å endra på deira måtar å gjera jobben sin på, eg er der for å dra nytte av deira kompetanse. Og det har me fått kjenna til fulle at me har fått lov til.Me har vore på eit årstrinn der lærarane har ei brei og lang lærarerfaring, og det har vore utruleg lærerikt å sjå koleis dei utøver sin måte å både forhalda seg til elevane og korleis dei har lagt opp undervisninga.Språket dei nyttar når dei snakkar med elevane og liknande.Som ein av dei sa til oss, me er glade i elevane våre og eg trur at dei merkar det, sjølv om det er strenge grenser, dette vert trygt og godt for elevane. Eg som student har merka meg at atmosfæren i klasserommet er lun, det er ingen som snakkar høgt (skrik) det vert gjeve klare gode beskjedar slik at elevane skjønar kva dei skal gjere. Og uansett kva som skjer så er desse lærarane der for å ta vare på og gje desse elevane den beste undervisinga som er.

Takk for oss ,me er glade for at me har fått hatt praksis på ein god og systematisert skule der me studentar har vorte tekne på alvor og blitt godt rettleia og følgt opp .

Ingen kommentarer: