tirsdag 18. mars 2008

Det verdifulle mangfaldet.


I vår utdanning har me vore så heldige at me har fått vore ute i praksis for å læra og sjå korleis skulekvardagen i røynda er og slik har me fått sett ulike måtar å gjennomføra undervising på. Det eg har lagt merke til er at det kan vera mange måtar å utføra spesialundervising av elevar med særskilte behov på. I skulen er det viktig for elevane å samhandla med andre og få opplæring i den sosiale kompetansen som er avgjerande for korleis ein til slutt samhandlar med andre medmenneske som vaksen, dette med haldningr og verdiar , å setja pris på mangfaldet og skilnadene i samfunnet og menneska rundt oss., er viktige ting å ha fokus på. Det er viktig at ein elev finn sin plass i klassen og slik vert trygg , derifrå jobbar ein med fag og legg opp undervisning som er tilpassa den enkelte elev / elevgruppe. Det å leggja opp til at enkelt elevar vert tekne ut av vanleg undervising for å få spesiell tilpassa opplegg kan ha sin pris, eleven finn ikkje sin plass, eleven mistar mykje av det som dei andre elevane får gjenomgått, dette kan vere faglege ting men og andre sosiale samhandlingar som foregår medan eleven ikkje er tilstades.
Eg har tru på at det er viktig med individuellt tilpassa opplegg, men eg er ikkje så einig i at elevane skal verta tekne ut av klassemiljøet i denne prosessen. ( sjølvsagt finst det elevar som bør og skal takast ut for å skjerma og skåna dei andre elevane til tider) Men så langt det lar seg gjere så trur eg at det beste er å vere i klassemiljøet og slik få den opfylgjinga som ein treng der. Eg trur at ein må heile tida ha fokus på den sosiale samhandlinga, og at elevane som skal ha tilrettelagde og støttande opplegg berre vert tekne ut i korte økter, slik at dei alikevel er med på det som dei andre elevane gjer og samstundes har sitt eige opplegg. Dette for å støtta opp om kor viktig den sosiale komptansen og plassen i klassen er i ein elev sin skulegong. Dette er viktige ting som me som lærarar må få meir fokus på ,og det er nok ikkje alltid like enkelt å løyse, men eg trur at dersom ein legg opp til og har den rette fokus, så får ein dette til, og det er stor skilnad på å forsøkja å leggje opp eit godt opplegg enn ikkje å forsøkje i det heile. Resultata kan verta at me får elevar som i skule gongen hadde behov for særskilte tiltak, men samstundes kjende at dei var ein del av miljøet i klassen og hadde sin plass. Dette er viktige verdiar å ta med seg vidare i livet. og kan faktisk vere med på å leggja grnnlaget for at menneske lukkast og vert trygge på seg sjølve.

læringsplakaten seier at skulen og lærebedrifta skal :

- sikre at det fysiske og psyko-sosiale arbeids- og læringsmiljøet fremmer helse, trivsel og læring.

Dette er viktige prinsipp i grunnskule opplæringa og tyder at :

Sosial og kulturell kompetanse
Eit tydeleg verdigrunnlag og brei kulturforståing er grunnleggjande for eit inkluderande sosialt fellesskap og eit læringsfellesskap der mangfaldet blir sett høgt og respektert. I eit slikt læringsmiljø er det rom for samarbeid, dialog og meiningsbryting. Elevane får delta i demokratiske prosessar og kan slik utvikle demokratisk sinnelag og forståing for at aktiv og engasjert deltaking er viktig i eit mangfaldig samfunn. Eit tydeleg verdigrunnlag og brei kulturforståing er grunnleggjande for eit inkluderande sosialt fellesskap og eit læringsfellesskap der mangfaldet blir sett høgt og respektert. I eit slikt læringsmiljø er det rom for samarbeid, dialog og meiningsbryting. Elevane får delta i demokratiske prosessar og kan slik utvikle demokratisk sinnelag og forståing for at aktiv og engasjert deltaking er viktig i eit mangfaldig samfunn.

For å utvikle den sosiale kompetansen til elevane skal skolen og lærebedrifta leggje til rette for at dei i arbeidet med faga og i verksemda elles får øve seg i ulike former for samhandling og problem- og konflikthandtering. Elevane skal utvikle seg som sjølvstendige individ som vurderer konsekvensane av og tek ansvaret for eigne handlingar. Opplæringa skal medverke til å utvikle sosial tilhøyrsle og meistring av ulike roller i samfunns- og arbeidslivet og i fritida.











Ingen kommentarer: