mandag 29. oktober 2007

Ute i praksis

Ja no er me i tredje veka av praksis perioden vår, tida har gått så utruleg fort, så no er tida forå få refleksjon og ettertanke ned på papiret snart komen.Det som imponerer meg når eg er ute i praksis på småtrinnet, er dei utruleg flinke lærarane som er og tek godt hand om desse små, for dei er verkeleg små dei som byrjar på skulen no. Mange av dei har nok vore i barnehage, men det er faktisk nokre som ikkje har det og, sjølv om det minkar på dei. Då vert det å gå på skulen ein heilt ny og ukjent arena for dei små. Dette kan vere både skremande og kjekt på same tid. Det som eg ser er viktig for desse elevane er å få trygghet og ro i lærings situasjonen og i klassesituasjonen. Å vera trygg på at ein kan seie og spør om det meste, vera trygg på at ein veit kva som skal skje utover i skuledagen. vera trygg på lærarane og kva dei står for. Dette er utruleg viktige faktorar i skulekvardagen til elevane. Dette med å ha respekt for elevane og sjå på dei som små medmennesker er ein selvfølge.
Det er eit utruleg stort tempo og aktivitetsnivå i løpet av ein skuledag og det skal noko til at ein klarer å få gjenomført det som ein har sete heime og planlagt på papiret. Elevane er ofte uforutsigbare og me kan ikkje alltid vete kva som skjer i timen, då må ein som lærar spele på elevane sine innfall og utfall og slik skape gode og lærerike økter uansett.
Eg har til dømes sett at dette med muntlig kommunikasjon er veldig viktig, den gode samtalen (helst ein til ein, men den er ikkje god å få til så ofte som ein burde) det å få utvikle språket til elevanee, å øve på å utrykke seg muntleg. Faktisk så kan det vere born som knapt opnar munnen sin i løpet av ein dag. Det er lett å verta gløymt når ein er liten og ikkje krev så mykje.
Litt skremande å tenkje på ,når ein veit kor viktig det er å få utvikle den muntlige ferdigheten for seinare læring. Språket vårt er vår måte å gi utrykk for kva me tenkjer.dette synest eg vert veldig synleg i dei lavaste skuletrinna.

1 kommentar:

Brit Elin Mølstre sa...

Hei Kjerstin
Eg blei så glad når eg ser at du skriv om det munlege, eg er jo som kjend svært glad i språket. Eg er og opptatt av at me må utvikle det hos desse minstre. For dei er som du seier svært små og treng trygghet meir enn nokon annan i skulen, skulen er heilt ny for dei.'
Brit Elin:)