tirsdag 6. november 2007

Oppsummmering av praksis.

I går var første dag på HSH etter praksis perioden vår, det var mange slitne sjeler som sat der. Det er veldig kjekt å vera ute i praksis, for det er då ein ser kor verdifullt dette yrket er . Men samstundes så er det veldig intenst og me vert veldig slitne og sjølv om ein savnar dei kjekke små , så er det godt å vera tilbake på skulen slik at ein kan få tid til refleksjon og få ting ned på papiret.
Etter at eg har vore på ute i praksis på småskule trinnet så ser eg at det er utruleg travle dagar for lærarane som har ansvaret. Ein skal vere pedagog og samstundes så treng elevane så utruleg mykje hjelp med dei små ting, som tildømes å knytta sko, å hjelpa til med klær, og ikkje minst passa på at dei får med seg ting heim som dei tildømes skal gjera lekser i.
Fagleg, og dette gjeld i matematikk, såg eg at nokre faktisk hadde kardinaltalsforståing, ikkje alle men nokre var det.Det vil seie at dei kjenner igjen ei mengde og forstår at det er det same i mengda sjølv om dei byttar plass . Då byrjar dei å telje vidare frå der dei slapp sist. Det er fasinerande å sjå at nokre klarar dette og veta at dette er ei utvikling akkurat på dette alderstrinnet.

1 kommentar:

Brit Elin Mølstre sa...

Hei Kjerstin
Jeg er som deg litt glad for å være tilbake på skolen til ettertanke og for å få mer teoretisk innput. Jeg er imponert over elevene med kardinaltallsforståelse, og veldig klar over at det er store forskjeller på hva de enkelte elevene på småtrinnet mestrer. Det er flott at du ser det teoretiske som elevene kan, men også som du sier mange trenger hjelp med dagligdagse ting, som å knytte sko.
Brit Elin:)