fredag 16. november 2007

GLSM prosjekt


Me er kome godt i gang med prosjektet vårt og gruppa vår fungerer bra tross store aldersforskjellar:)

Me fant fort ut kva problemstilling me ville jobba med og det vart " kva telje og reknestrategiar nyttar born i 2 klassetrinn når dei leikar butikkleik" eit tema som det skal bli spanande å sjå resultatet av,me skal nytta forskingsmetodane observasjon og laupandeprotokoll, samt intervju av praksislærarar.Elevane skal få leika butikk og slik skal dei få visa oss litt kva dei kan .Kjempespanande skal det bli. Eg ser fram til å vere 4 dagar ute i skulen igjen.

Me har vore på skulen nesten kvar dag, og me har hatt mykje rettleiing av øvingslærarane. det var ein av dei tinga som sit igjen frå forrige gong me skulle skriva oppgåve, då var me rett og slett forlite inne på Hsh til rettleiing. Det å få hjelp er avgjerande for heile oppgåveskrivinga,øvingslærarane seier i frå om me er på rett veg eller ikkje,og gjer oss gode råd på vegen. Så medstudentar eit godt råd midt i oppgåveskrivinga, få rettleiing!, helst meir enn det som er obligatorisk, det er til vår fordel! Ha ei strålande helg i regnveret og lukke til med gjennomføring av forskingsprosjektet dykkars. :)


1 kommentar:

Brit Elin Mølstre sa...

Hei Kjerstin
Oppgaven deres høres veldig spennende ut - kan være greit å få innblikk i tellestrategier. Ellers er det som du sier lurt å få hjelp/veiledning når en skriver oppgave. Det er nemlig lett å se seg litt blind på det en holder på med. Lykke til med undersøkelsen og så gleder jeg meg til å høre hva dere fant ut.
Brit Elin:)