fredag 21. desember 2007

oppsummering av glsm

" Draumelandskap"

Me har fått som oppgåve å reflektere over kva me har hatt som læringsutbytte etter denne GLSM perioden me har hatt i haust eg vel å ta dette med i bloggen min som eit avdei obligatoriske innlegga. Eg synest dette har vore ein kjekk og lærerik haust.
Kva har eg lært om meg sjølv, eg har lært at det i periodar er tungt å ta inn over seg og jobba med teoriar og pensumlitteratur. Men når ein har starta og fått ein kontinuitet i det så vert framdrifta mykje betre, det hjelper på berre sitja å sjå i bøkene av og til, ikkje alltid ha som mål å lesa eit visst antal sider. Me har vore innom ulike pedagogiske teoretikarar og fått god repetisjon, slik valde me ut det som me fant ut passa til oppgåva vår. Denne 2 glsm perioden vart det Piaget sin kognitivisme, der me valde å lage ei oppgåver som elevane skulle jobba med individuelt. Vidare la me vekt på Atkinsons prestasjonsmotivasjons modell som seier at dersom eit barn ser at det er ein moglegheit for å lukkast så vert dei meir motiverte og kan jobba godt med det som er oppgåva, men ser dei derimot at det er stor moglegheit for å mislukkast så vegrar dei seg og trekkjer seg vekk frå oppgåva, det kan då synast som om det vert ein redsel for mislukkast. Det er då viktig at me som lærarar legg opp til tilpassa undervising og oppgåver til kvar enkelt slik at elevane ser moglegheitene og ikkje begrensingane i seg sjølv.
Prosessorientert skriving : dette er ein stor del av det å skrive oppgåve. Å ta imot konstruktiv kritikk og ut ifrå det gjere oppgåva me jobba med til noko bedre.

Norsk fagleg fokus: Me har fått ein god repetisjon av norsk faget, me har analysert elevtekstar me fekk frå forsøket vårt, dette har me prøvd å gjera på mikro og makronivå, på setning og ordnivå denne gongen. Det var ikkje så enkelt, synest eg, dette er forhåpentligvis ting som me i vidare arbeid vil få god kontroll på tilslutt. Eg kjenner at faglige utrykk i norsk faget vert meir og meir kjente og eg veit skilnaden på tildømes fonologisk stadium og ortografisk stadium hos eit barn, for å nemna noko.
Vidare har me vore inne på Arne Trageton si forsking og hans resultat av denne, det gav i alle fall meg ei overbevising om at det faktisk kan vere enklare for nokre elevar i begynnaropplæringa å skapa tekst på tastatur, men me har og fått eit innblikk i kvifor det er så viktig å få utvikla den motoriske ferdigheten som å skriva for hand er, og slik få lagra dette i det visuelle og motoriske minnesystemet.

1 av 5 grunnleggande dugleikar som ein skal ha i alle fag er å kunna bruka digitale verktøy, og kompetansemål i norsk etter 2 årstrinn seier blant anna at :
*Dei skal bruka bokstavar og eksperimentera med ord, i eiga handskrift og på tastatur.
*Bruka datamaskin til tekstskaping.

Dette gir oss klare føringar at ein skal ta i bruk tastatur i tillegg til vanleg skriveopplæring med blyant. Slik at elevane meistrar tekstskaping med begge deler. Det er kvar einskild lærar sitt val kva framgongsmåte ein vil bruka ved skrive og leseopplæring. Det vil difor vere skilnader på kva som vert vektlagt mest.
Eg synest og det var interessant å få eit innblikk i kva Odd Haugstad seier:
at ein konsekvens av einsidig bruk av datamaskin kan resultera i manglande og sviktande bokstavkunnskapar og vidare føra til lese og skrive vanskar .Dette kan skuldast at ved tastatur skriving får ein ikkje gitt bokstaven eller orda den grafemiske og motorisk identitet, det tyder at bokstaven si form skal lagrast både i det motoriske og det visuelle minnesystemet. Dette er av stor betydning for vidare utvikling av lese og skrive dugleikar, dette poengterte og praksislærarane våre under intervjuet me hadde med dei. Elevane på dette klassesteget var heilt tydeleg på eit fonologisk lese og skrive nivå, desse stadia heng saman. Og tyder at elevane ikkje har klart å analysere alle lydene i talespråket og kanskje ikkje veit korleis alle bokstavane skrives. Difor representerer denne fasen ein del bortfall av bokstaver i tekstane dei skriv.
Elevane har heilt tydeleg fonologisk medvit, nokre meir enn andre, dette vil det alltid vere skilnader på så tidleg i skulestega.. Dette vil seia at dei er i stand til å lytta ut lydar. Og dei skjønar at talespråket er sette saman av språklydar, og at dei slik kan overførast til skriftteikn. Dei les ofte høgt teksten som dei har skrive, for på ein måte å vera støttande stilas for seg sjølv. Nokre er på god veg inn i den ortografiske skrivinga som tyder at orda som dei skriv gradvis får fleire og fleire trekk frå standard ortografi.
Elevane skriv fonologisk, altså dei skriv slik dei snakkar. Dei har heilt tydelege dialekt ord i teksten, Elevane vil her skrive lydrette ord rett, men andre ord vert ikkje korrigert i henhold til rettskrivingsnormene.

1 kommentar:

Brit Elin Mølstre sa...

Hei Kjerstin
Det var spennende innlegg dere hadde om bruk av tastatur i begynneropplæringen. Jeg har tidligere vært litt skeptisk til å bruke pc fra starten - har vært redd de ikke ville prioritere håndskrift som jeg mener er viktig. Til og med jeg skjønner at teknologien er kommet for å bli men vil ikke at det skal ta helt over. Ingen ting er som et håndskrevet personlig kort.
Brit Elin:)