Når me er ute i skulen så ser me atter kor stort behov born har for å få leika og slik få utfalda seg på ulike måtar. me ser og at i dei ulike faga så skjønar dei fleste betre når dei kan få leike .Kva er det som gjer at born forstår betre då? kanskje det har med at det på ein måte ikkje er så alvorleg då, at dei på ein måte kan styra det sjølv. Kanskje det har med språket som vert nytta, at det er borna sitt eige språk. me har sett at i leik så klarar borna å løyse vanskelege regne operasjonar ,som dei ikkje hadde klart med å få det nedskrive på eit ark. Vygotskij seier at " i leik vert borna eit hovud høgare enn seg sjølv" dette trur eg på. At leik kan få fram og forenkle mange vanskelege operasjonar som kan vere vanskelege å få til når det vert skrive på eit ark eller i læreboka.
Dette har nok med at borna nyttar konkretar, og halvkonkretar, det vere seg pengar eller bilete av ting som ein skal ha i dei ulike regneoperasjonane.Men ein lærar må vite eksakt kva han vil med leken og han må ha ein overordna plan for hva han ynskjer å oppnå. Han må ha gode kunnskapar om kvar elevane er i utviklinga, slik at nye mål kan nåast, og elevane bringast vidare. Ein kan sjølvsagt og bruke fri leik, for all lek skal ikke være planstyrt.
mandag 29. oktober 2007
Ute i praksis
Ja no er me i tredje veka av praksis perioden vår, tida har gått så utruleg fort, så no er tida forå få refleksjon og ettertanke ned på papiret snart komen.Det som imponerer meg når eg er ute i praksis på småtrinnet, er dei utruleg flinke lærarane som er og tek godt hand om desse små, for dei er verkeleg små dei som byrjar på skulen no. Mange av dei har nok vore i barnehage, men det er faktisk nokre som ikkje har det og, sjølv om det minkar på dei. Då vert det å gå på skulen ein heilt ny og ukjent arena for dei små. Dette kan vere både skremande og kjekt på same tid. Det som eg ser er viktig for desse elevane er å få trygghet og ro i lærings situasjonen og i klassesituasjonen. Å vera trygg på at ein kan seie og spør om det meste, vera trygg på at ein veit kva som skal skje utover i skuledagen. vera trygg på lærarane og kva dei står for. Dette er utruleg viktige faktorar i skulekvardagen til elevane. Dette med å ha respekt for elevane og sjå på dei som små medmennesker er ein selvfølge.
Det er eit utruleg stort tempo og aktivitetsnivå i løpet av ein skuledag og det skal noko til at ein klarer å få gjenomført det som ein har sete heime og planlagt på papiret. Elevane er ofte uforutsigbare og me kan ikkje alltid vete kva som skjer i timen, då må ein som lærar spele på elevane sine innfall og utfall og slik skape gode og lærerike økter uansett.
Eg har til dømes sett at dette med muntlig kommunikasjon er veldig viktig, den gode samtalen (helst ein til ein, men den er ikkje god å få til så ofte som ein burde) det å få utvikle språket til elevanee, å øve på å utrykke seg muntleg. Faktisk så kan det vere born som knapt opnar munnen sin i løpet av ein dag. Det er lett å verta gløymt når ein er liten og ikkje krev så mykje.
Litt skremande å tenkje på ,når ein veit kor viktig det er å få utvikle den muntlige ferdigheten for seinare læring. Språket vårt er vår måte å gi utrykk for kva me tenkjer.dette synest eg vert veldig synleg i dei lavaste skuletrinna.

mandag 8. oktober 2007
Leik kva er det

I dag har me hatt nok eit lærerikt og kjekk forelesing i pedagogikk. Torill har gitt oss nokre tips og ledetrådar til kva leik er og kor viktig det er for born å få moglegheit til å bruka fantasi og leike evnene sine i skulen. Korleis kan me tolke born utifrå korleis og kva dei leikar.Det var kjekt å høyre kva teorien seier om kva leik er, det er faktisk eit uvurdeleg reiskap for å utvikle samhandling med andre, den sosiale dugleiken som er utruleg viktig uansett alder og posisjon.Er du ikkje sosial så slit du på mange frontar. Dette med at born har ein eigen evne til å hoppa frå fantasiverda til røyndom er ganske unikt, og eg skulle ynskja at eg hadde bevara noko av mine evner på den fronten frå barndomen.
Heime på Valvatne då eg vaks opp leika me overalt, me hadde ein utruleg arena for utfoldelse innafor leik, skogen, og store vatn som me skeisa på om vinteren og bada i om sommaren. Me var ei stor gruppe med ungar i mange ulike aldrar, og eg ser utifrå teori pensumet som me hadde i dag , At dette var rolleleik på høgt nivå. Me var rangert uti frå kva me kunne og kor gode me var til ulike ting.Ein av leikane me dreiv mykje på med var indianerar og kvite. Desse kriga mot kvarandre og dette kunne me halde på med i veker i strekk, me bygde hytter og klatra i trer. Ein dag hadde me avtala som vanleg å møtast ved "Amerikabåten" me skulle ha krig i den dagen og, me hadde laga oss "hestar" ( lange stokkar som me hadde plastpose over øverst, det var hovudet til hesten) og så sat me overskrevs og sprang slik. Denne eine dagen såg me at Jens kom ridande på hesten sin og me venta spent på å byrja. Då han nesten er framme hos oss, ropar han "KRIGEN ER AVLYST, HØVDINGEN ER PÅ SVØMMETRENING" Me godtok dette utan å le , det var heilt vanleg å snakka slik, litt fantasi og litt røyndom. me var inne i denne fantasiverda og visste nøyaktig kva reglane og rammene var for denne leiken.
Eg synest dette er eit godt eksempel på kor lite som skal til for å kunne skapa ei heil lita verd som ein kan leika og drøyma seg bort i, mange av oss som var med på dette sit i dag med utrulege gode minner frå barndommen og eg er sikker på at dette har vore positivt både fysisk og psykisk., me fekk trena samspel med andre, me vart kreative og gjekk ikkje av vegen for å finna på nye ting dersom det skar seg. Me drog inn ting som me hadde opplevd i kvardagen og fekk bearbeida og tolka desse på denne måten.Me var flinke til å skape uforutsette ting i leiken, plutselig ein dag var hytta til indianarane øydelagd, kva hadde skjedd? me vart kjende med kvarandre på godt og vondt, me visste kvarandre sine sterke og svake sider og me var nok ikkje heilt rederlige alltid, me utnytta nok dette. Men verdien av leik er nok udiskutabel, dette er ein del av born sin veremåte og eit behov som me som pedagogar ( ein dag) må legge til rette for, eit godt og stimulerande miljø, som gjev borna moglegheiter til utvikling.

tirsdag 11. september 2007
Mobbing og skule kvardagen.
I dag har me hatt ei førelesing som eg syntes var både fin og sterk, dette med barn i sorg og kriser, og mobbing. Dette er høgaktuelle tema for oss som skal ut og jobbe i skulen, slikt kan skje, og då må må vere førebudde på korleis me som vaksne skal møta og ta vare på den enkelte elev i slike situasjonar.Men som Torill sa det er ikkje noko fasit svar på korleis ein skal gripe fatt det eine eller det andre, dette med å vere eit medmenneske oppe i det heile er nok det viktigaste av alt. Dette er jo ting som me ikkje vil skal skje med nokon, å verte mobba når du går på skulen( eller andre stader)er det nulltoleranse for.Eg synest at dette med å kursa foreldre og lærarar i saman, om korleis me skal forebygga mot mobbing høyrest kjempelurt ut. Det er kjempeviktig å få foreldra på banen, dette jobbar me i saman om, og som Torill sa, det nyttar ikkje å ha kun ein dag med tema mobbing, dette må jobbast med kontinuerlig og over tid, som ein naturleg ting.
Mobbing kan skade ei sart barne sjel for livet og det er vår plikt som lærarar å sette fokus på dette problemet i skulen.Dette vil vi ikkje ha !

fredag 7. september 2007
Oppfølging av §5 elever
§5 elever har som vi vet krav på tilrettelagt spesialundervisning, dette er det viktig at de får for å få fram deres beste lærepotensiale, jeg tror at når en elev har fått innvilget ekstra undervisning, så må en ikke glemme at eleven fremdeles er en del av klassemiljøet, og bør få så sant det er mulig undervisning sammen med de andre.
Dersom eleven mange ganger i uka blir tatt ut av klassen for undervisning med spesialpedagog har eleven lett for å miste plassen sin i det sosiale miljøet, eleven faller liksom utenfor fordi han/hun er så mye borte fra det daglige. Jeg tror at det beste må være så langt det går an, å ha undervisningen i samme klasserom som de andre elevene, kanskje i en krok av klasserommet som de får sitte litt i fred, men alikevel som en naturlig og selfølgelig del av klassemiljøet.
Det er ganske mange år siden jeg gikk på barne skolen, og i vår klasse hadde vi en gutt som var døv, han hadde sin helt naturlige plass hos oss. Vi tok våre forholdsregler når vi skulle snakke og leke med ham og for det meste så fikk han samme undervisning som vi andre, men mer tilrettelagt selfølgelig. Han var vår skolekamerat og venn uansett, han hadde fått sin plass i klassen, han var inkludert .Den dag i dag så tenker jeg tilbake og kan ikke huske noen som helst negative eller dårlige opplevelser med dette, bare gode, vi lærte å se på mennesker som likeverdige og med respekt, vi er alle ulike og takk og lov for det.

tirsdag 21. august 2007
Så var det på an igjen, tenk at me er komen til andre året av studiet vårt allerede,eg trur me kjenner oss litt stødigare på eindel område enn dei som er i etasjen under oss på HSH :)
I dag har me hatt ei innføring i korleis me skal laga oss nye bloggar på blogspot.com, etterpå snakka me litt om forventningane våre til Hsh ,praksis og til kvarandre i praksis gruppene dette kommande året.
Me har hatt eit seminar om fellesskulen, eller det som vart kalla enhetsskulen.
Bloggen er ikkje heilt slik som forrige semester, det blir ikkje opsummering etter kvar undervisnings økt, men heller ein stad der me kjem med ulike synspunkt på ting som engasjerer oss når det gjeld dei ulike temaa me kjem inn på i undervisninga. Eg har fått ansvar for å kommentera May Britt sin blogg, og eg skal gjera så godt eg kan :)
Fint å komma igang etter ein lang og regnfull sommar.

Abonner på:
Innlegg (Atom)