mandag 14. april 2008

Skule utvikling


Mens læraren er den enkeltfaktoren som sterkast påverkar læringa til elevane, er skuleleiaren den viktigaste enkeltfaktoren for korleis lærarane fungerer og for kulturen ved den enkelte skulen. Det inneber at det er ein nær samanheng mellom korleis skuleleiaren utøver leiarskapet sitt på og læringa til elevane. Rollene som skuleleiar og som lærar er komplementære og gjensidig avhengige av kvarandre.

Det viser seg at kvaliteten på arbeidet i kunnskapsorganisasjonar er nært knytt til om dei som arbeider der, opplever seg om aktør eller brikke. I stor grad dreier det seg om å vise tillit. Dette gjeld i høgste grad skulen. Skular med tydelege leiarar, og sjølvstendige lærarar, som får tillit og tar ansvar, oppnår dei beste resultata. Skuleleiarar som er i stand til å verdsetje det arbeidet som blir utført, bidrar til å skape kultur for læring og meistring.
Den moderne skuleleiaren arbeider i eit samfunn som har gjennomgått store forandringar. Skulen blir stadig viktigare for læringa til barn og unge i vid forstand. Skulen har utvida funksjonen sin og tar i aukende grad på seg oppgåver som tilsyn, omsorg og oppdraging på vegne av familien og samfunnet.
Dagens skuleleiarar har fått ei meir kompleks rolle. Skuleleiaren skal vere representant for arbeidsgivaren og arbeide for å nå målsetjingane til skuleeigaren. Skuleleiaren skal også vere pådrivarar i arbeidet med å nå nasjonale mål i utdanningspolitikken, dvs. sjå til at vi har skular som er i stand til å forstå og ta imot reformer. Skuleleiaren skal dessutan utøve pedagogisk leiarskap, det vil seie å ta et ansvar for læringsresultata til elevane.
Vi ser her ei leiarrolle som står i klar kontrast til den tradisjonelle skuleleiaren. Dagens og framtidas skuleleiarar er forventa å spele ei meir aktiv rolle som fornyarar og leiarar av endringsprosessar. Dei skal vere opne for impulsar utanfrå, samtidig som dei skal ha eit nært og aktivt forhold til lærarpersonalet og det arbeidet dei utfører.



i denne talen synest eg kunnskapsministeren får fram noko av det viktige med skulen som organisasjon og kva faktorar som er avgjerande for at ein har utvikling i skulen. Det er viktig med fornying, initiativ og kreativitet i skulekvardagen. Dette for leggje tilrette for endringr som stadig kjem og sjå det positive i dette , som ei vidare utvikling til beste for både lærarar og elevar.

det vart berre eit utdrag dette men det var så godt skrive og det passa så godt inn i tema for dagen.





søndag 6. april 2008

Frå segregering, til integrering og inkludering.


Det er som me alle sikkert veit mange nye og til dels ukjende ord me vert kjend med på denne lærarutdanninga. Mykje byrjar å verta ganske så kjent og ein kjenner at ein er på eit litt anna stadie enn for 2 år sidan. Ein kan vel seie at ein har hatt ei form for utvikling mentalt og fagleg :)


Me har hatt som emne tidlegare dette med born med spesielle behov. Eg synest dette med segregering, integrering og inkludering kan vere på sin plass når me tar for oss dette.

Opplæringslova seier at:

"alle elever i grunnskolen har rett til å gå på den skolen de sokner til, og for begge skoleslag gjelder det at alle har rett til å tilhøre en klasse"

Segregering: Tyder at ei folkegruppe vert skilt frå dei andre på eit eige område.

Tidlegare vart menneske med psykisk utviklingshemming tekne ut av det "normale" samfunnet og oppbevart på institusjonar "frå vogge til grav".
Men det var før dette kom i 1991:
"Segregering ble etter hvert erstattet av et ønske om større grad av integrering. Diskriminerende og segregerende særordninger skulle fjernes til fordel for organisatorisk og sosial integrering. Det innebar at tiltak og tjenester så langt det var mulig skulle utformes og forankres i den enkeltes lokalmiljø. Samfunnets vanlige serviceorganer skulle ha det fulle ansvar for mennesker med nedsatt funksjonsevne på linje med andre borgere, og spesialordninger og særtiltak skulle fjernes. Det tok imidlertid lang tid før målet og ønsket om større grad av integrering nedfelte seg i politiske vedtak og reformer" .( Regjeringen.no)

"Reformen for mennesker med psykisk utvik­lingshemming i 1991 medførte nedlegging av institusjonene i det fylkeskommunale HVPU (Helsevernet for psykisk utviklingshemmede) og overføring av ansvaret for tjenestetilbudet til kommunene." ( regjeringen .no)


Integrering:

i 1970 åra vart grunnskulelova og spesialskulelova slått i saman, målet med dette var at desse to skule systema skulle komme litt nærare kvarandre, enn dei var frå før. Resultat skulle vere det som vart kalla " Enhetsskulen, en skule for alle". etter kvart vart det eit mål at elevane skulle ha rett til ein plass på sin lokale skule.
Resultatet av dette var at funsjonshemma og dei med lærevanskar vart integrert i den vanlege skulen, og dette fekk då sjølvsagt konsekvensar for organiseringa og innhaldet av spesialundervisninga som var i skulen frå før. Dette opna opp for å sjå på pedagogikken med andre auge og slik få fram noko nytt, ikkje meir av det som var frå før.

Inkludering:
Er eit spørsmål om lokal tilhøyre og likeverdighet. Dette er ein prosess som omfattar korleis omsette dette til praksis, og korleis skulane kan endra seg stegvis gjennom ulike tiltak og kompetanseutvikling. Resultatet av denne prosessen skal vere at alle elevane vert aksepterte og får eit tilbod i skulen.

Dette føreset ei individuell forplikting, der den enkelte lærar si oppfatning av kva inkludering er, er den viktigaste føresetninga for endring i skulen. (Clark mfl. (1999))
Når eg ser på denne utviklinga så ser eg meir og meir at det er prøv og feil metoden som vert gjennomført i dei ulike instansar. Mange gonger så veit ein ikkje konsekvensane av tiltak som vert utførde og lover som vert vedtekne. Men i ettertid kan ein vere etterpå klok og gjera vurderingar på grunnlag av resultata, positive og negative. Dette er nok ein del av det å ha eit land i utvikling, meininga er nok god, men prisen kan vere høg for nokre.Særleg dei som vart utsette for HVPU reforma. Dei svakaste av dei svake vart skadelidande i denne omstillingsprosessen,( Einsemd, mobbing, isolasjon).


Det er samstundes viktig å vere kritiske og reflekterande over ting som har vore gjort og ikkje.


For eksempel, kva konsekvenser har inkluderingsprinsippet i norsk skule dei siste femten åra fått for lærerutdanninga i Noreg?

Ein konsekvens av dette burde vore meir spesialpedagogikk i lærarutdanninga, det som er no, er nok altfor lite omfattande til at ein lærar er rusta for det som ventar ein av utfordringar ute i skulekvardagen.


kjelder:









lørdag 5. april 2008

Det nasjonale styringsverket i skulesektoren.

"Veldig" gamle Sagvåg skule. (Kjelde: S Kannelønning)

GAMLE SAGVÅG SKULE.

Skule huset stod og tok i mot oss kvar dag, stort og kvitt, med store auge som såg og fylgde med på alt som føregjekk i skulegarden.
Me var i gode hender.


Skulegarden var som skapt for oss ungar, store tre som me kunne klatra i, og ein bergvegg som ein kunne tru var toppen av øyas høgaste fjell.
Når me satt høgt der oppe var me liksom konge på haugen, ingen kunne nå oss der.
Heilt til ein lærar ropte,” Kjerstin! No må du komma ned” Me hadde vel eigentlig ikkje lov til å vera der når eg tenkjer meg om.


Inne i skulebygget var det lyse fargar, og det var mange stader ein kunne leika, det var ei bratt trapp i enden av korridoren. Den gjekk heilt opp til toppen av huset. når me gjekk opp der, blei det mørkare og mørkare til høgare opp i den smale trappa med kom.


På toppen av trappa var noko av det skumlaste eg kunne tenke meg, nemlig døra inn til det enorme loftet.
Loftet var kjempe høgt under taket, og langs med veggane var det plassert gamle ting og utstyr frå urgamle dagar. Skremmande men spanande!
Det var skikkelig skummelt, for me hadde høyrt at det kanskje spøkte der! Det var ein eller annan som hadde høyrt, at ein eller annan hadde sagt, at dei hadde høyrt mistenkelige lydar der oppe.
Men me såg aldri noko, og forresten så vågde me oss ikkje opp der så ofte heller.


Det var mange dører i skule huset, bak desse dørene var det mykje rart. Ei dør førte inn til vaktmeisterrommet, der sat vaktmeisteren og åt nista si i ein gammal grøn sofa. På veggen midt imot sofaen, var det hyller med masse rart, ei utstoppa ugle, som sto og fylgde oss med blikket. Ein utstoppa mink som såg ut som om den var fanga i fart, den var svart og veldig mjuk å ta på.
Men, øverst oppe på hylla var det eit stort blankt norgesglas, det var eigentlig det me var komt for å sjå, i det glaset var det ein hoggorm på sprit, ekkelt, men me berre måtte sjå på den.
Den hadde sikkert vore der på hylla, oppi det norgesglaset, sidan skulen var ny, og det var så lenge sidan at med klarte ikkje å førestilla oss det ein gong.

Vaktmeisteren fekk sjeldan ro i matpausen sin.

Han var ein veldig gammal mann, grå i håret. Og gjekk alltid i blå snikkerbukse. Han var sikkert 50 år.


Ei anna dør som var malt blå, var det husmorskule innafor.
Med stod utanfor døra, og kikka inn gjennom nøkkel holet, der kunne me skimta, eit stort kjøkken med mange komfyrar, sikkert ein til kvar!
Damer med forklede i mange fargar, og ei fantastisk lukt av nysteikte bollar spreidde seg rundt oss, tenk og fått ete så mange bollar ein kunne orke.


I andre etasje var det fire store klasserom, det eine var spesielt kjekt å kikka inn i, for der hadde dei skeive pultar, dei skråna liksom nedover på eine sida, som om det hadde stått noko tungt der. Me skjøna etter ei stund at det var dei same pultane som blei skeive heile tida, og det var der urokråkene satt. Det var læraren deira som slo knyttneven i pulten for å få ro, det virka sikkert bra! Det var alltid ein eller fleire pultar som var skeive, heile året ut.
Men når sommarferien var slutt, og skulen byrja igjen var alle pultane rette.
Nye blanke ark.
Kjerstin
















Eg synest det er utruleg mange råd og organ som er involvert i det å driva ein skule. Her er ei lita oppsummering av desse, litt lettare å hugse når dei er lista opp slik som dette synest eg. Eg har teke utgangspunkt i forelesinga til Åshild.


§ 1-2: Grunnskulen (utdrag)
Grunnskulen skal i samarbeid og forståing med heimen hjelpe til med å gi elevane ei kristen og moralsk oppseding, utvikle evnene og føresetnadane deira, åndeleg og kroppsleg, og gi dei god allmennkunnskap, slik at dei kan bli gagnlege og sjølvstendige menneske i heim og samfunn.

Den vidaregåande skulen (utdrag)


Den vidaregåande opplæringa skal ta sikte på å utvikle dugleik, forståing og ansvar i forhold til fag, yrke og samfunn, og hjelpe elevane, lærlingane og lærekandidatane i deira personlege utvikling.
Den vidaregåande opplæringa skal vere med på å utvide kjennskapen til og forståinga av dei kristne og humanistiske grunnverdiane, den nasjonale kulturarven vår, dei demokratiske ideane og den vitskaplege tenkjemåten og arbeidsmåten




Det nasjonale styringsverket i skulesektoren
.
Kunnskapsdepartementet (utøvande og sentralt styrande organ)


Utdanningsdirektoratet (utreiande og premissleverande organ under dep.)
Fylkesmannen ved Statens utdanningsdirektør i kvar region/fylke (vart før kalla skuledirektør)
(organ for tilsyn og legalitetskontroll, også litt utviklingsansvar à skulevurdering)

Skuleeigarane

Ansvar for drift og utvikling av vidaregåande skular er lagt til fylke ved fylkesopplæringskontora og fylkesopplæringsdirektørane
Ansvaret for grunnskulane er lagt til kommunane ved skuleetat og skulesjef eller rådmann/kommunalsjef og rektorane ved skulane (der det berre er 2 nivå)


Skulemiljøutvalget.


Frå 17.juni 2005 skal alle grunnskular ha eit skulemiljøutval der elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skuleleiinga og skuleeigar er representerte.
Repr. for elevar og foreldre skal ha fleirtal. Dei har uttalerett, men ikkje beslutningsmyndighet.
I grunnskulen kan samarbeidsutvalet fungera som skulemiljøutval.


Samarbeidsorgana eller rådsorgana i skuleverket
Samarbeidsutvalet i grunnskulen.
Alle grunnskular skal ha eit samarbeidsutval med to representantar for undervisningspersonalet, ein for andre tilsette, to frå foreldrerådet, to frå elevane og to frå kommunen (ein av dei er rektor)
Kommunen han bestemma at samarbeidsutvalet skal fungera som styre for skulen


Foreldrerådet i grunnskulen


Foreldrerådet og foreldrerådsutvalet eller arbeidsutvalet for foreldrerådet (FAU)
Alle grunnskular skal ha eit foreldreråd der alle foreldra/føresette er medlemmar
Dette rådet skal ha eit arbeidsutval som m.a. kallar inn til foreldremøte På landsbasis skal det også vere eit nasjonalt Foreldreutval for grunnskulen (FUG)
Utvalet skal ha leiar, nestleiar og fem andre medlemmar. Funksjonstida er fire år.
Leiar no: Loveleen Brenna

Elevrådet og elevrådsutvalet eller arbeidsutvalet for elevrådet.
Grunnskulen:


Årstrinna 5-7 og 8-10 skal ha eit elevråd med representantar for elevane (talet bestemt av skuleeigar)
Vidaregåande skule:
Ved kvar vidaregåande skule skal det vere eit elevråd med minst eitt medlem pr. 20. elev.
Det skal veljast ved skriftleg val.



Skuleutval og skulemiljøutval
Alle vidaregåande skular skal ha eit skuleutval med to representantar frå elevrådet og med representantar for dei tilsette og for fylkeskommunen (rektor)


Skuleeigar kan gjere dette til styre for skulen.

Nytt:


Alle vidaregåande skular skal også ha eit skulemiljøutval med representantar for elevane, dei tilsette, skuleleiinga og skuleeigar. Elevane skal vere i fleirtal.
Skuleutvalet kan fungere som skulemiljøutval, men då med tilleggsrepresentantar for elevane.


Kjelder
Meling, B. 2008: Forelesning på HSH
Hargreaves, A. 2006: Lærerarbeid og skolekultur. Gyldendal Norsk Forlag. Oslo
Helle, L. 2006: Rom for handling. Universitetsforlaget. Oslo
Norsk lovdata: Opplæringslova. http://www.lovdata.no/

onsdag 2. april 2008

Utvikling i skulen.


Lærande organisasjonar
Målretta kompetanseutvikling i skulen er viktig for at skulen skal kunne tilpasse seg eit stadig meir kunnskapskrevjande og mangfaldig samfunn. Effekten av ei slik målretta kompetanseheving avheng av den kultur for læring som eksisterer på den einskilde skule. Det må fokuserast på den læringa som skjer som ein del av det daglege arbeidet for å utvikle skulen som ein lærande organisasjon. Dette krev at det pedagogiske personalet og skuleleiinga har rett og tilstrekkelig kompetanse, i tillegg til vilkår og motivasjon til å utvikle og dele sin kompetanse i det daglege arbeidet. Krava i kompetansesamfunnet gjer at skulen må kunne forandre seg og legge til rette for kontinuerlig læring. Dette stiller krav til alle i organisasjonen/skulen; alle må føle ansvar for å realisere felles mål, og ein må ha evne til kontinuerlig refleksjon med omsyn til måla ein set og verkemidla ein brukar.

Gjennom reforma ”Kunnskapsløftet” syner UFD korleis fylkeskommunen som skuleeigar og det vidaregåande opplæringssystemet skal heve kompetansen både i skule og bedrift i perioden 2005-2008. Reforma inneber endringar både i struktur og innhald. Den største endringa for verksemdene er endring i fag- og timefordelinga og nye læreplanar i alle fag. Den generelle delen av læreplanen skal behaldast, medan den nyutvikla Læringsplakaten peikar på dei sentrale måla for opplæringa. I reforma vert det lagt stor vekt på elevar og lærlingar si utvikling av fem grunnleggjande dugleikar; å kunne uttrykke seg munnleg, lese, rekne, uttrykke seg skriftleg og bruke digitale verktøy.
Skular og lærebedrifter blir allereie i dag møtt med krav om vurdering ikkje berre av elevane sine prestasjonar, men av skulen si evne til å skape eit godt læringsmiljø og få gode læringsresultat. Dette skjer igjennom det nasjonale vurderingssystemet som er etablert. Hovudelementa i systemet er; nasjonale prøver, elev- og lærlinginspektøren, data om fråfall og gjennomstrømminga i opplæringssystemet og ressursane skulane rår over.

Den generelle læreplanen for grunnopplæringa i Noreg definerer målet for grunnopplæringa (grunnskule og vidaregåande opplæring) slik: å ruste barn, unge og vaksne til å møte oppgåvene i livet og å meistre utfordringar saman med andre. Opplæringa skal vidare kvalifisere for produktiv innsats i dagens arbeidsliv og gje kompetanse til å meistre skiftande omgivnader og krav til omstilling i framtida.
Dette set krav til den lærande organisasjonen nå det gjeld utvikling, kompetanseheving og oppfylgjing av elevane som går på den enkelte skule.

søndag 30. mars 2008

Ungdomsalderen.



Ungdomsalderen.

Eg har ikkje fått med meg undervisninga i ped denne veka fordi eg har vore på tur med ein ungdomsskuleklasse til fjells. Men eg trur at i desse dagane eg var borte, faktisk har fått med meg mykje som angår emnet som me er inne på no, nemleg ungdomsalderen, og utfordringar som ein kan kome borti som lærar for denne aldersgruppa. Det at borna i denne alderen er inne i ein utviklingsfase som kan vere både krevande og vanskeleg er ikkje til å komme bort i frå.
Når borna byrjar på skulen i 1 årstrinn, er det store Skilnader på utvikling og læreføresetnader hos kvar enkelt elev. I ungdomsalderen som eg reknar for mellom 13 og 18 år her, er det og store skilnader. Eg såg at det var store skilnader på utvikling her og, då snakkar eg ikkje om det faglege men det intellektuelle. Det å samhandla med andre og kanskje ane konsekvensar av det ein seier og gjer, det å ta ansvar, å gjere noko for felleskapet og liknande.
Nokre elevar er svært ansvarsfulle, tar hensyn og yter slik mykje for fellesskapet og venene sine. Medan andre helst vil sleppa unna med å gjere minst mogleg, og bryr seg ikkje om at andre kan verta støytte av måten dei oppfører seg på.
Nokre er høgrøsta og krev merksemd heile tida, medan andre knapt synest, dei er stille og trekkjer seg litt bort.
Det å respektere at det er reglar er ikkje alltid like lett for alle, nokre synest dette er greit, medan andre trur dei kan forhandle seg fram til alt. Kanskje dei er vande med dette heime, å heile tida få alternativ, og slik slepp å forhalde seg til reglar som dei ikkje likar eller synest er ubehagelige. Det å godta at ein må faktisk gjere ting utan å argumentere, kan vere vanskeleg for nokre.
Det som og er viktig for born i denne alderen er vener og vennskap. Enkelte er utruleg knytta til kvarandre, nesten avhengig.


Vaksne som møter ungdom generelt gjennom sitt arbeid som lærar, klubb eller aktivitetsleder står i ein unik posisjon til å styrka dei unge si sjølvkjensle, og slik vere med på å få fram den enkelte elev sine talent og ressursar. Gjennom å ta elevane på alvor og visa at ein bryr seg og har omsorg , kan ein klare å byggja relasjonar til elevar som kan vere verdifulle for deira vidare liv og utvikling. Det å ha vaksne rollemodellar som har tru på at den enkelte elev kan lukkast er avgjerande for mange i deira vidare liv.

Ungdomsalderen er en viktig utviklings- og identitetsformende fase av livet. For de yngste er det snakk om pubertet og overgangsalder, som er preget av sterk utvikling både fysisk, intellektuelt, sosialt og emosjonelt. Her skjer det en endring i referansepunkt ved at foreldrene blir et svakere holdepunkt, mens ungdomsgruppen får økt betydning i tilværelsen.

Litt om dei ulike stadia i utviklinga til eit born på veg mot den vaksne verda.
l
Piaget – utvikling av kognitiv kompetanse
–Periode for preoperasjonell tenking (11 år à)
lFørestillingsevne
lResonneringsevne
lVurderingsevne



l
Kohlberg – moralsk utvikling
–Det etterkonvensjonelle nivået (13 år à)
lOrientering mot sosial overeinskomst (samfunnet definerer kva som er rett og galt til ei kvar tid)
lOrientering mot universelle etiske prinsipp(samvitet definerer rett og galt i høvt til overordna verdiar og etiske prinsipp
)

l
Erikson

– personleg utvikling
–Pubertet/ungdomsalder/tidleg vaksen alder (ikkje tidfesta)
- Identitet ßà Identitetsforvirring
- Vennskap, intimitet ßà Isolasjon
-Produktivitet ßà Unytte, stagnasjon


Som ein ser så er det mange faser og kriser i ei ungdomstid.



















søndag 23. mars 2008

Når me ser, kva gjer me då?


Her er berre ei påminning om korleis ein skal gå fram dersom ein som lærar kjem opp i situasjonar der elevane har lidd overlast og har vore utsette for ulike former for misbruk og mishandling, psykisk og fysisk. Dette er vanskelege område å bevega seg inn på og ein treng difor å fylgja dei lover og reglar som er for at ting skal vere ryddige og rett fylgt opp. Det er kjempeviktig at det er ein viss form for ryddighet frå læraren si side særleg i slike saker.


Kapittel 15. Bruk av forvaltningslova.


Opplysningsplikt § 15-3. Opplysningsplikt til barneverntenesta


Personalet i skolar etter denne lova skal i arbeidet sitt vere på vakt overfor forhold som kan føre til tiltak frå barneverntjenesta.

Utan hinder av teieplikta skal personalet av eige tiltak gi opplysningar til barneverntenesta når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen eller når det ligg føre andre former for alvorleg omsorgssvikt, jf. §§ 4-10 til 4-12 i lov 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntenester, eller når eit barn har vist vedvarande alvorlege åtferdsvanskar, jf. § 4-24 i den same lova. Også etter pålegg frå dei organa som er ansvarlege for å gjennomføre lov 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntenester, skal personalet gi slike opplysningar.


§ 15-4. Opplysningsplikta til sosialtenesta


Personalet i skolar etter denne lova skal i klientsaker gi råd og rettleiing til sosialtenesta. Personalet skal vere på vakt overfor forhold som bør føre til tiltak frå sosialtenesta, og skal av eige tiltak gi sosialtenesta opplysningar om slike forhold. Av eige tiltak kan opplysningar berre givast med samtykke frå eleven, eventuelt frå foreldra, eller så langt opplysningane elles kan givast utan hinder av teieplikta.



lørdag 22. mars 2008

Foreldresamarbeid i skulen.

Det er nok mange foreldre som har born i skulen som ikkje er klar over kor mykje dei kan vere med på å påverke borna sine sin skulegong, dette er det særs viktig å få fram, men korleis skal ein få formidla dette, og er ein som lærar interessert i at foreldra skal blande seg inn i korleis ein underviser og gjer jobben sin? dette har me diskutert fleire gonger og det me kjem fram til er det same kvar gong. Dersom me gjer jobben vår godt, kan resultatet verta at me får foreldra med oss og gode relasjonar til desse , då har me eit lettare løp i jobben som lærar. Foreldra si rolle i borna sin skule gong er undervurdert og eigentleg sett lite fokus på. Tidlegare har dette liksom vore læraren sin jobb og foreldra har ikkje sett det som si plikt å fylgja opp borna sine etter at dei er kome heim frå skulen, då tenkjer eg på skulearbeid og liknande. Men i opplæringslova som er vidareført i LK06 og som der vert kalla Læringsplakaten med sine "Prinsipp for opplæringa" der står det tildømes at skulen skal :

-leggje til rette for samarbeid med heimen og sikre at foreldre/føresette får medansvar i skolen(Oppl.l. § 1-2 og forskrift § 3-2)
Og det er faktisk slik at det er foreldra som har hovedansvaret for oppsedinga av borna sine, lærarane har sitt mandat frå foreldre og samfunn.

”(..) Samarbeid mellom skolen og hjemmet er et gjensidig ansvar, men skolen skal ta initiativet og legge til rette for samarbeidet. Opplæringsloven, forskrift til loven og Læreplanverket danner grunnlaget for samarbeidet, og foreldre/de foresatte skal ha reell mulighet for innflytelse på egne barns læringsarbeid faglig og sosialt (..)”
(LK06:35: Prinsipper for opplæringen.)
Det er viktig at ein som lærar tek foreldra med på skulegongen til borna deira og det kan vere fleire nivå som ein går igjennom då i følge Nordahl( 2007: 28ff)
1.Informasjon
2. Dialog og drøfting
3. Medverknad og medbestemming
Samstundes så er det viktig å ha heilt klart kva som er foreldra sitt ansvar, Kva som er skulen sitt ansvar og kva som er det felles ansvar.
Det er viktig at læraren nyttar si komunikative makt rett og slik ser foreldra som:
1. Ein ressurs.
2. Har gode relasjonar til foreldra , der ein gjennom gjensidig tillit oppnår dialog, forståing og sameining.
3. At ein er konkret og tydeleg når ein opplyser om kva som er foreldra si rolle og kva som er læraren si. Kva ein forventar av kvarandre.
4. Det er og viktig at ein har realistske forventningar til eleven, og at ein har tru på at eleven skal lukkast.
Resultat av dette kan vere at eleven og foreldra får positive opplevingar av skulesamarbeidet.
At eleven får positive opplevingar med å gå på skulen og at prestasjonane vert gode ved at eleven vert betre motivert til slik å yte meir.
Det me har sett ute i skule kvardagen er at det kan vere store skilnaden på born som ikkje vert følgd opp heime og dei elevane som vert det. Det kan få store faglige konsekvensar særleg i byrjinga av skulegongen. dette veit me kan og få ringverknader seinare i løpet av den vidare skulegongen. Så klarar me å få sett meir fokus på kor viktig dette er for elevane at dei får god oppgylgjing, at foreldra vert oppfordra til å ha ei positiv haldning til skulen, lærarane og til skulemijøet. Dess meir gode relasjonar ein får til dette, dess tryggare vert elevane og foreldra på deira rolle, og kva som vert forventa av dei.




tirsdag 18. mars 2008

Det verdifulle mangfaldet.


I vår utdanning har me vore så heldige at me har fått vore ute i praksis for å læra og sjå korleis skulekvardagen i røynda er og slik har me fått sett ulike måtar å gjennomføra undervising på. Det eg har lagt merke til er at det kan vera mange måtar å utføra spesialundervising av elevar med særskilte behov på. I skulen er det viktig for elevane å samhandla med andre og få opplæring i den sosiale kompetansen som er avgjerande for korleis ein til slutt samhandlar med andre medmenneske som vaksen, dette med haldningr og verdiar , å setja pris på mangfaldet og skilnadene i samfunnet og menneska rundt oss., er viktige ting å ha fokus på. Det er viktig at ein elev finn sin plass i klassen og slik vert trygg , derifrå jobbar ein med fag og legg opp undervisning som er tilpassa den enkelte elev / elevgruppe. Det å leggja opp til at enkelt elevar vert tekne ut av vanleg undervising for å få spesiell tilpassa opplegg kan ha sin pris, eleven finn ikkje sin plass, eleven mistar mykje av det som dei andre elevane får gjenomgått, dette kan vere faglege ting men og andre sosiale samhandlingar som foregår medan eleven ikkje er tilstades.
Eg har tru på at det er viktig med individuellt tilpassa opplegg, men eg er ikkje så einig i at elevane skal verta tekne ut av klassemiljøet i denne prosessen. ( sjølvsagt finst det elevar som bør og skal takast ut for å skjerma og skåna dei andre elevane til tider) Men så langt det lar seg gjere så trur eg at det beste er å vere i klassemiljøet og slik få den opfylgjinga som ein treng der. Eg trur at ein må heile tida ha fokus på den sosiale samhandlinga, og at elevane som skal ha tilrettelagde og støttande opplegg berre vert tekne ut i korte økter, slik at dei alikevel er med på det som dei andre elevane gjer og samstundes har sitt eige opplegg. Dette for å støtta opp om kor viktig den sosiale komptansen og plassen i klassen er i ein elev sin skulegong. Dette er viktige ting som me som lærarar må få meir fokus på ,og det er nok ikkje alltid like enkelt å løyse, men eg trur at dersom ein legg opp til og har den rette fokus, så får ein dette til, og det er stor skilnad på å forsøkja å leggje opp eit godt opplegg enn ikkje å forsøkje i det heile. Resultata kan verta at me får elevar som i skule gongen hadde behov for særskilte tiltak, men samstundes kjende at dei var ein del av miljøet i klassen og hadde sin plass. Dette er viktige verdiar å ta med seg vidare i livet. og kan faktisk vere med på å leggja grnnlaget for at menneske lukkast og vert trygge på seg sjølve.

læringsplakaten seier at skulen og lærebedrifta skal :

- sikre at det fysiske og psyko-sosiale arbeids- og læringsmiljøet fremmer helse, trivsel og læring.

Dette er viktige prinsipp i grunnskule opplæringa og tyder at :

Sosial og kulturell kompetanse
Eit tydeleg verdigrunnlag og brei kulturforståing er grunnleggjande for eit inkluderande sosialt fellesskap og eit læringsfellesskap der mangfaldet blir sett høgt og respektert. I eit slikt læringsmiljø er det rom for samarbeid, dialog og meiningsbryting. Elevane får delta i demokratiske prosessar og kan slik utvikle demokratisk sinnelag og forståing for at aktiv og engasjert deltaking er viktig i eit mangfaldig samfunn. Eit tydeleg verdigrunnlag og brei kulturforståing er grunnleggjande for eit inkluderande sosialt fellesskap og eit læringsfellesskap der mangfaldet blir sett høgt og respektert. I eit slikt læringsmiljø er det rom for samarbeid, dialog og meiningsbryting. Elevane får delta i demokratiske prosessar og kan slik utvikle demokratisk sinnelag og forståing for at aktiv og engasjert deltaking er viktig i eit mangfaldig samfunn.

For å utvikle den sosiale kompetansen til elevane skal skolen og lærebedrifta leggje til rette for at dei i arbeidet med faga og i verksemda elles får øve seg i ulike former for samhandling og problem- og konflikthandtering. Elevane skal utvikle seg som sjølvstendige individ som vurderer konsekvensane av og tek ansvaret for eigne handlingar. Opplæringa skal medverke til å utvikle sosial tilhøyrsle og meistring av ulike roller i samfunns- og arbeidslivet og i fritida.











søndag 16. mars 2008

Punktmetodikk . Krl 6 mars. 2008

((Påskegudstjeneste. 2 årstrinnet)




  • Punktmetodikk Torsdag 6 mars.2008


    Emne: Krl.

    Foreldresamarbeid.
    Utfordringar med Krl faget.
    Samarbeid skule- Kirke.




    Me fekk ei innføring I Korleis kristendommen har bygd opp vår verdsdel, og at den representerer verdiar og holdningar som me lever etter i denne delen av verda.
    Men at det er naturleg at det vert endringar av dette faget sidan det er store endringar i det norske samfunnet, der mange religionar vert representert ved at det er stor innvandring frå andre kulturar.

    Krl faget representerer dei djupaste spørsmåla hos mennesket, og skal vera allmenndannande og slik leggja ein felles basis for samfunnet vårt.
    Det er eit stort fag å undervisa i og no i nyare tid har andre religionar fått større vekting i undervisinga enn før. Som lærar har ein ansvar for å undervisa etter dei gjeldande læreplanane. Men det kan vere utfordringar når det gjeld å få eit innhald i dette faget, fordi det vert så lite røyndomsnært for elevane. Det kan og vera vanskar med å vera nøytral i dette faget.


Samarbeid skule –kirke.

Stord kommune har ein fyldig plan om kva kirka har å tilby av undervisings opplegg for elevane i grunnskulen. Dette vert lagt fram for rektor og lærarar på dei aktuelle skulane.
På Sagvåg skule går alle klassane på julegudsteneste. Elevane får eit skriv med seg heim der foreldra godkjenner at elevane kan gå til kirka.

1 årstrinn: Påskevandring. Der dei gr igjennom påskeevangeliet.
2 og 6 årstrinn: Påskegudsteneste. Tilpassa denne aldersgruppa.
3 årstrinn : Pilgrimsvandring.
4 årstrinn: Symbolbruk i kirka og betydningen av desse.
5 årstrinn: Vandring i bibelen.
Det er ikkje mykje lærebøker som er ute på marknaden i dette faget, den einaste boka er ”Vi i verda” i frå cappelen sitt forlag.
Og som i alle fag er det variasjon i undervisinga der ulike utrykk for religionar gjev best læringsutbytte. Kreativitet.

Oplæringslova seier at skulen og lærebedrifta skal :

- stimulere elevene og lærlingene/lærekandidatene i deres personlige utvikling og identitet, i det å utvikle etisk, sosial og kulturell kompetanse og evne til demokratiforståelse og demokratisk deltakelse


Punktmetodikk om vurdering i skulen.5 mars 2008

( Ser ein elevane? )

Punkt metodikk på Sagvåg skule Onsdag 5 mars.08

Emne: Vurdering i skulen.
Me fekk ei innføring oi korleis vurdering har vore gjennomført sidan 1800 talet der orden og åtferd var det som vart vurdert då. Dette heng faktisk igjen i vurderinga ved skular i dag og.
1 1922 vart det innført vurderingsformer som hadde undervegsvurdering. Det var vegen mot målet som var i fokus.
Me ser at i L 97 er nokre av desse prinsippa frå 1922 vidareført.
I 1960- 1969 vart det innført ei forsøksordning med 9 årig grunnskule.
1971 vart karakterar avskaffa i grunnskulen, og ein starta med å ha foreldresamtalar der ein hadde kontakt med heimen to gonger i året.
Når ein ser på konsekvensane ved å nytta karakterar i grunnskulen som vurderingsform , ser ein at dette er for nokre motiverande, men det kan og vere med på å hindra at skulen ikkje når sine mål, då med tanke på oppfylgjing av dei svakaste elevane som ikkje kjem opp på karakter skalaen og ikkje ser dette som noko motiverande men heller noko destruktivt for deira utvikling. Det å ha ulike vurderingsformer kan faktisk vere avgjerane for korleis elevane oppfattar sin eigen innsats og korleis dei kan lukkast og få auka motivasjon utan karakterar.
Skrekk eksempelet har me vel alle høyrt om Gaus Kurven, (grøss og gru.)
Det nye i Lk06 er:
Undervegsvurdering
Målstyrt
Dokumentasjon av måloppnåing.
Metodefrihet.

Intensjonane med kunnskapsløftet er :
Nasjonale felles kjenneteikn, der elevane bør og skal ha :

Ha ei meining med det dei gjer.
Konkretisering av vegen mot målet
Eigen vurdering av eigen innsats. Har eg jobba godt, korleis er produktet, loggføring individuelt. Elevane har ein utruleg sjølvinsikt og veit ofte kvar skoen trykkjer, kva som kan gjerast betre og kva dei verkeleg kan og har jobba med
Summativ vurdering (sluttvurdering)
Formativ vurdering (undervegs vurdering)
Rettferdig vurdering.

Poenget med vurdering er at det skal vere eit forhold mellom innsats og resultat.
Konklusjonen vert at det er viktig med refleksjon av eigen pedagogisk praksis, altså pedagogisk medvit. Ser ei elevane ein underviser? Har ein eit mål med det ein gjer? Og korleis kjem ein framover mot dette målet.?






”If you dont know where you are going, any way can take you there”

lørdag 15. mars 2008

Planlegging av overtagelsespraksis fyrste veka i praksisperioden vår. veke 9. 2008



Punktmetodikk i praksis.

Den første økta me hadde var onsdag før praksisstart. Då handla det om planlegging av overtagelsespraksis, me fekk god innføring i kva som skulle skje. Lærarane skulle reisa til England på studie tur og me skulle då med hjelp og støtte frå dei få faste assistentar og lærarar som var igjen.
Me fekk gjekk gjennom kriseplan og korleis me skulle gjera dersom det oppstod situasjonar. Rune Vidar vart oppnemd til rektor.( litt seinare)
Men det som eg syntest var viktig ved dette var å få innsyn i elevgruppa som me skulle ha ansvar for denne veka, eg var på 4 årstrinnet saman med Lone. Me fekk nokre gode samtalar saman med læraren som hadde ansvaret for desse elevane, og me fekk innsyn i dei ulike emneområda som me skulle vera innom desse dagane. Me fekk prata om elevgruppa korleis den fungerte kva som kunne vera utfordringane og kva me måtte ta hensyn til dersom det var særskilte behov hos enkelte elevar. Det var og godt å få vera på observasjon i to dagar før prasisperioden starta for å bli betre kjent med elevane og dei med oss.
Eg var inne på kunnskapsløftet då i ettertid når eg skulle planleggja undervisinga for desse dagane, for å sjå kva skal elevane på 4 årsstrinn skal ha gjennomgått og kva er kompetansemåla for dette årstrinnet. Eg fann då ut at til dømes elevane på 4 årstrinn har som kompetansemål i tildømes samfunnskunnskap at dei skal ha om eldre tider i Noreg, då var det naturleg sidan dei hadde hatt om jernalderen å fortsetja med bronsealderen som var frå 1500-500 f.kr.

Kompetansemål for 4 årstrinn:


- fortelje om korleis jordbruket forandra levemåten i Noreg og Norden og beskrivehovudtrekk ved bronsealderen og jernalderen.
- -skape forteljingar om menneske i fortida og snakke om skilnader og likskapar før og no.
Utifrå dette laga eg eit undervisings opplegg der eg var inne og fann lærestoff frå læreboka CUMULUS ( frå 3 årstrinn) der var det masse flotte bilete som elevane likte veldig godt. det å nytta nettressursar ser eg meir og meir nytta av, det er utruleg kva ein kan finna dersom ein leitar litt. Masse bilete og masse opplysingar som var veldig relevant for akkurat dette faget og denne epoken som me var innom vart resultatet av litt søking på nettet.Når ein skal leggja opp og planleggja undervising så kem ein ikkje vek i frå dette med differensiering. ein må heile tida ha noko i bakhånd til dei som er svake i fag men og utfordringar til dei som er sterke i fag.
Som det står i opplæringslova § 1-2 : Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven, lærlingen og lærekandidaten.
Slik trur eg at ein kan leggje opp gode og lærerike opplegg som er tilpassa elevgruppa og samstundes den enkelte elev.


Praksis




No er me ferdige med praksisperiodane våre det er både godt men samstundes vemodig. me skal ikkje vera saman meir med dei kjekke og greie elevane som me har fått god kontakt med denne tida. Me har og fått anledning til å arbeida saman med fantastiske lærarkollegare som har teke imot oss på den beste måte.Me har kjent oss viktige og me har kjent at det me kan bidra med faktisk er blitt sett på som ein viktig ressurs og inspirasjon for dei. Det er utruleg viktig for sjølvkjensla til ein student som ikkje er så trygg på det han gjer, at ein faktisk får anerkjenning og konstruktive tilbakemeldingar.Så takk til ein god og trygg praksis skule for oss studentar.

Eit av dei områda som eg har sett som viktig i desse periodane ute i praksis er dette med samhandling mellom kollegaer og korleis ein oppnår god kontakt og slik skapar eit godt abeidsforhold .Dette med å vera audmjuk og stilla seg åpen for deira måtar å arbeida på er viktig synest eg, eg er ikkje kome som student til dei for å endra på deira måtar å gjera jobben sin på, eg er der for å dra nytte av deira kompetanse. Og det har me fått kjenna til fulle at me har fått lov til.Me har vore på eit årstrinn der lærarane har ei brei og lang lærarerfaring, og det har vore utruleg lærerikt å sjå koleis dei utøver sin måte å både forhalda seg til elevane og korleis dei har lagt opp undervisninga.Språket dei nyttar når dei snakkar med elevane og liknande.Som ein av dei sa til oss, me er glade i elevane våre og eg trur at dei merkar det, sjølv om det er strenge grenser, dette vert trygt og godt for elevane. Eg som student har merka meg at atmosfæren i klasserommet er lun, det er ingen som snakkar høgt (skrik) det vert gjeve klare gode beskjedar slik at elevane skjønar kva dei skal gjere. Og uansett kva som skjer så er desse lærarane der for å ta vare på og gje desse elevane den beste undervisinga som er.

Takk for oss ,me er glade for at me har fått hatt praksis på ein god og systematisert skule der me studentar har vorte tekne på alvor og blitt godt rettleia og følgt opp .

fredag 25. januar 2008

Skulen som læringsinstitusjon



Skulen som læringsinstitusjon.


I Ogden si bok viser han nokre sider ved skulen som organisasjon og kor viktig klimaet eller skulen sin miljømessige eigenart er for dei som er i denne institusjonen, det vere seg lærarar eller elevar. Då med tanke på mellommenneskelege relasjonar. Det tyder at samhandlinga mellom elevar, lærarar og anna personale er viktig for elevane og deira tilknyting til deira eigen skule. Det at elevane får eit eigarforhold til skulen sin har vist seg er ein god måte å få elevane engasjerte og motiverte til å ta ansvar for miljøet og skulen rundt seg, dette kan samstundes få elevane meir motiverte for vidare læring på den skulen som er deira eigen. Til dømes som me såg ved ein av praksisskulen som me var på, der hadde dei skule bedrift, der elevane var arbeidarar og tok del i dei ulike funksjonane som ei bedrift har. Som til dømes gartnarar, der dei hdde ansvar for ein del av uteområdet, eller dei hadde ansvaret for handla inn til frukt ordninga ved skulen med ansvar for økomnomi og budsjett. Skulen er for elevane, og ikkje omvendt, det er skulen som skal tilpassa seg elevane sine behov. Det å skapa ein meiningsfylt og røyndomsnær læringssituasjon, som elevane i tillegg er aktivt med på å skapa sjølve kan vere med på å skapa meir motivasjon hos den enkelte elev og gje ytterlegare læringsverdi. Skulen er ein sosialkonstruksjon som tyder at det er viktig for elevane korleis skulen og lærarane deira lever opp til og utrykkjer forhold som normer, holdningar, forventningar og verdiar. Skulen speglar samfunnet rundt oss. Eit samfunn i stadig endring, og som eit resultat av dette har me nye skulereformar som skal fylgjast opp av den enkelte skuleinstitusjon og lærar med jamne mellomrom.
Som lærar i ein skule er det viktig å ha ei felles plattform å stå på, for at det skal skapa tryggleik og samhold mellom elev og lærar og mellom lærarkollegaene. Er ein uenig i det pedagogiske grunnsynet i skulen ein jobbar i så må ein uansett overbevising klare å møta dette på ein forsvarleg måte.

torsdag 17. januar 2008

Elevsamtale.



Hva er formålet med en elevsamtale?

Jo målet er å skape ein dialog mellom lærer og elev som kan åpne opp for kontakt og tillit og slik skape et verktøy som kan brukes til kartlegging og videre oppfølging og veiledningav for eksempel: skolearbeid/arbeidsprogrammet og planlegging av videre arbeid. Individuelt tilpassning av opplegg og oppfølging av avtaler gjort på forrige elevsamtale eller konferanse samt sosiale forhold.

Det er viktig å være åpen for hva eleven virkelig sier og gir yttrykk for ,om han trives på skolen, er det spesielle ting som er bra , eller dårlig? er du fornøyd med innsatsen din på skolen? kva kan du gjøre for å bli bedre? Barn har en utrolig selvinnsikt og vert hva de kan og ikke kan, det er bare å spørre så får en gode svar. Slik blir eleven tryggere og mer motivert for å lære mer. Men det er ikke nok å bare ha en elevsamtale med eleven en skjelden gang, målet for oss som lærere må jo være å hele tiden være i dialog med elevene våre og kanskje gjøre forsøk på å gi dem litt av vår tid under to øyne litt oftere enn disse skjeldne samtalene. Å ta utgangspunkt i noe som eleven mestrer istedenfor å ha som utgangspunkt ting som er vanskelige og må ordnes opp er nok også en forutsetning for å lykkes med slike samtaler, en kan få sagt mye dersom en bare ordlegger seg rett, og det tror jeg det ligger mye i, spesiellt når det gjelder dialog mellom lærer og elev. ordlegger du deg rett har du funnet nøkkelen til dialog med eleven og da er du godt i gang. Og det viktigste av alt til slutt, Respekt for barnet og dets egenverdi og identitet.




















tirsdag 15. januar 2008

Pedagogisk grunnsyn onsd 3 jan.


Pedagogisk grunnsyn er den virkelighetsoppfatning, og dei kunnskapar, verdiar og holdningar som ligger til grunn for pedagogisk virksomhet. Når ein jobbar ute i skulen vil ein aldri være helt enig med kollegaene sine om alt, men i skulen er det viktig å finne en felles plattform.


Hva ligger i begrepet pedagogisk grunnsyn og hvordan utvikles det?

I begrepet "pedagogisk grunnsyn" kan vi legge alle de opplevelser som har vært med å forme, og former, den enkelte som pedagog, dvs som menneske med oppgaver å veilede andre mennesker. Det pedagogiske grunnsyn utgjør summen av alle våre erfaringer, gode og mindre gode, som førskolebarn, skolebarn, ungdom og ikke minst som voksen. Det er selvfølgelig svært viktig for alle som arbeider med barn og elever, å være seg bevisst sitt pedagogiske grunnsyn. For å oppnå dette er det viktig å stille seg spørsmål som: Hvilke situasjoner fra egen oppvekst og skolegang opplevde jeg som gode og lærende? Hvilke vil jeg helst glemme (eller kanskje til og med har glemt)? Hvilke lærere kom jeg i god samspill med, og hvilke lærere fikk jeg ikke kontakt med? Hvilke arbeidsmåter fungerte bra for meg, og hvilke fungerte dårlig? Hva var spesielt for meg som elev, i forhold til de andre elevene? Kanskje hadde de helt andre opplevelser i samme situasjon? Spørsmålene er mange, og selv om det ikke finnes fasittsvar på slike spørsmål, er det viktig å tenke gjennom de. Bevisst eller ubevisst er de med på å forme hver enkelt av oss i vår omgang med andre mennesker.







torsdag 27. desember 2007

Vinter og snø


Tenk å få hiva seg ut i snøen om ikkje så lenge. Det er godt å ha ting å sjå fram mot.

Våre signifikante andre.



Våre signifikante andre kva fortel dette ordet oss, og kva formål eller kva funksjon har den signifikante andre for oss?
Korleis har denne signifikante andre blitt vår signifikante andre?

Dette vil det nok vere mange svar på men for meg og mine trur eg det er personar som har vist at dei er stødige og trygge, dei held det dei lovar og er til å stole på, dei har meiningars mot, og som eg såg i eit sitat ” tålmodighet er og mot”, så seier og dette litt. Dei har på ulike måtar påverka oss slik at ein som person har kunna utvikla seg og ein har slik kunna veksev, ved å bli oppmuntra, sett krav til,og slik kjenna meistring. Slik har ein fått moglegheiter til å byggje opp betre sjølv kjensle og vidare betre sjølv bilete. Eg trur og at ved å ha ein god dialog som byggjer på gjensidig tillit og respekt gjer til at den signifikante andre vert ein verdifull person.
Eg har tenkt litt på dette, og eg ser at det gjennom heile livet er viktig for oss å ha menneske nær oss, som me identifiserar oss med og som me set høgt. Det at det betyr noko kva den andre meinar og synest om det ein gjer er viktig for eigenutviklinga vår gjennom heile livet. Eg trur og at det særskilt er viktig for dei aller minste å ha personar som dei ser opp til og som dei identifiserar seg med, som kan gje dei gode verdiar i livet som er bra å ta med seg på vegen, det kan vere foreldre, eldre sysken, ein leikekamerat eller andre som dei har fått knytta band til. Dette med å knytta band til menneske og slik få tilknyting gjennom felles opplevingar, og hendingar er viktig å ta med seg, og dersom ein har høve prøver ein å ta godt vare på desse banda som er så skjøre men samstundes så sterke.
Det er ikkje til å unngå å komme inn på George H Mead og hans speglingsteori og dette med at me observerer ikkje oss sjølve, det er andre sine reaksjonar på oss sjølve me observerer. Og på grunnlag av andre sine reaksjonar på oss sjølve så lever me oss inn i korleis andre vurderer oss. Den objektive speglingsteorien.
Sjølvoppfatning vert danna gjennom samspel mellom ytre reaksjonar frå andre og indre tanker om seg sjølv.
De ”signifikante andre” – personer som er viktige for oss i vår identitetsutvikling og i utvikling av våre holdninger har stor betydning for om vi tar imot et budskap eller ikkje.
Kva når den signifikante andre ikkje er der meir? Vert det eit stort hol i livet. Nei det trur eg ikkje.han er med i det meste ein gjer som grunnmuren i eit byggverk Dersom ein har fått høve til å byggja opp sitt eige sjølvbilete og har vorte fått jobba med seg sjølv, og vorte trygg.. Då har ein skapa seg ein identitet, denne vil heile livet bli djupare og ein kan vidareutvikla seg sjølv med grunnlag i alt som den signifikante andre har gitt ein i livet. Eg er heldig ,eg har framleis min signifikante andre med meg i livet mitt , men det kan sjå ut som om han er i hardt ver for tida. Tankane og kjenslene mine er hos min gode ven ofte no…….
Identitet vil seie å ha ein trygg og stabil sjølvoppfatning og vere medviten om sin sosiale forankring.
Å ha ein identitet, vil seie at ein kjenner seg sjølv og veit kva ein står for.


Likhetene i teoriene til Freud og Mead
De er enig i at påvirkning fra signifikante andre i barneårene former vår identitet som voksen. Dette er som tidligere nevnt et begrep som Mead brukte om viktige nære personer som barna er knyttet til. Freud mener at du kan få psykiske problemer ved at du for eksempel får feil stimulering i en av fasene i utviklingen. Stimulering i tidlig alder får en fra "nære" personer. Uten sosial stimulering vil ikke barnet få behov for å lære. Det vil si at uten "nære" personer vil det være ingen eller liten utvikling. En gest er, i følge Mead, enhver form for signal som eksisterer i relasjonen mellom mennesker. Den mest primitive gesten er den medfødte. Denne gesten er for primitiv til at barnet alene kan fullføre en sosial handling. Barnet kommer med gester som moren må tolke ut i fra konteksten og tidligere erfaringer med barnet. Dette er grunnen til at Mead legger så stor vekt på signifikante andre. Begge mener at nære relasjoner er viktig. Dette er et syn de deler med de fleste.

fredag 21. desember 2007

oppsummering av glsm

" Draumelandskap"

Me har fått som oppgåve å reflektere over kva me har hatt som læringsutbytte etter denne GLSM perioden me har hatt i haust eg vel å ta dette med i bloggen min som eit avdei obligatoriske innlegga. Eg synest dette har vore ein kjekk og lærerik haust.
Kva har eg lært om meg sjølv, eg har lært at det i periodar er tungt å ta inn over seg og jobba med teoriar og pensumlitteratur. Men når ein har starta og fått ein kontinuitet i det så vert framdrifta mykje betre, det hjelper på berre sitja å sjå i bøkene av og til, ikkje alltid ha som mål å lesa eit visst antal sider. Me har vore innom ulike pedagogiske teoretikarar og fått god repetisjon, slik valde me ut det som me fant ut passa til oppgåva vår. Denne 2 glsm perioden vart det Piaget sin kognitivisme, der me valde å lage ei oppgåver som elevane skulle jobba med individuelt. Vidare la me vekt på Atkinsons prestasjonsmotivasjons modell som seier at dersom eit barn ser at det er ein moglegheit for å lukkast så vert dei meir motiverte og kan jobba godt med det som er oppgåva, men ser dei derimot at det er stor moglegheit for å mislukkast så vegrar dei seg og trekkjer seg vekk frå oppgåva, det kan då synast som om det vert ein redsel for mislukkast. Det er då viktig at me som lærarar legg opp til tilpassa undervising og oppgåver til kvar enkelt slik at elevane ser moglegheitene og ikkje begrensingane i seg sjølv.
Prosessorientert skriving : dette er ein stor del av det å skrive oppgåve. Å ta imot konstruktiv kritikk og ut ifrå det gjere oppgåva me jobba med til noko bedre.

Norsk fagleg fokus: Me har fått ein god repetisjon av norsk faget, me har analysert elevtekstar me fekk frå forsøket vårt, dette har me prøvd å gjera på mikro og makronivå, på setning og ordnivå denne gongen. Det var ikkje så enkelt, synest eg, dette er forhåpentligvis ting som me i vidare arbeid vil få god kontroll på tilslutt. Eg kjenner at faglige utrykk i norsk faget vert meir og meir kjente og eg veit skilnaden på tildømes fonologisk stadium og ortografisk stadium hos eit barn, for å nemna noko.
Vidare har me vore inne på Arne Trageton si forsking og hans resultat av denne, det gav i alle fall meg ei overbevising om at det faktisk kan vere enklare for nokre elevar i begynnaropplæringa å skapa tekst på tastatur, men me har og fått eit innblikk i kvifor det er så viktig å få utvikla den motoriske ferdigheten som å skriva for hand er, og slik få lagra dette i det visuelle og motoriske minnesystemet.

1 av 5 grunnleggande dugleikar som ein skal ha i alle fag er å kunna bruka digitale verktøy, og kompetansemål i norsk etter 2 årstrinn seier blant anna at :
*Dei skal bruka bokstavar og eksperimentera med ord, i eiga handskrift og på tastatur.
*Bruka datamaskin til tekstskaping.

Dette gir oss klare føringar at ein skal ta i bruk tastatur i tillegg til vanleg skriveopplæring med blyant. Slik at elevane meistrar tekstskaping med begge deler. Det er kvar einskild lærar sitt val kva framgongsmåte ein vil bruka ved skrive og leseopplæring. Det vil difor vere skilnader på kva som vert vektlagt mest.
Eg synest og det var interessant å få eit innblikk i kva Odd Haugstad seier:
at ein konsekvens av einsidig bruk av datamaskin kan resultera i manglande og sviktande bokstavkunnskapar og vidare føra til lese og skrive vanskar .Dette kan skuldast at ved tastatur skriving får ein ikkje gitt bokstaven eller orda den grafemiske og motorisk identitet, det tyder at bokstaven si form skal lagrast både i det motoriske og det visuelle minnesystemet. Dette er av stor betydning for vidare utvikling av lese og skrive dugleikar, dette poengterte og praksislærarane våre under intervjuet me hadde med dei. Elevane på dette klassesteget var heilt tydeleg på eit fonologisk lese og skrive nivå, desse stadia heng saman. Og tyder at elevane ikkje har klart å analysere alle lydene i talespråket og kanskje ikkje veit korleis alle bokstavane skrives. Difor representerer denne fasen ein del bortfall av bokstaver i tekstane dei skriv.
Elevane har heilt tydeleg fonologisk medvit, nokre meir enn andre, dette vil det alltid vere skilnader på så tidleg i skulestega.. Dette vil seia at dei er i stand til å lytta ut lydar. Og dei skjønar at talespråket er sette saman av språklydar, og at dei slik kan overførast til skriftteikn. Dei les ofte høgt teksten som dei har skrive, for på ein måte å vera støttande stilas for seg sjølv. Nokre er på god veg inn i den ortografiske skrivinga som tyder at orda som dei skriv gradvis får fleire og fleire trekk frå standard ortografi.
Elevane skriv fonologisk, altså dei skriv slik dei snakkar. Dei har heilt tydelege dialekt ord i teksten, Elevane vil her skrive lydrette ord rett, men andre ord vert ikkje korrigert i henhold til rettskrivingsnormene.

onsdag 12. desember 2007

Glsm periode 2

No er me inne i den andre glsm perioden no i haust, denne gongen har me norsk med ein munnleg framføring av emnet me har valgt og dei ulike forskingsresultata som har kome fram.denne gongen har me valgt temaet : blyant eller tastatur, kva skal ein velja i byrjaropplæringa? grunnen til at me valgte dette tema var at me synest dette med tekstskaping i byrjaropplæringa er veldig viktig, og me undra oss på om elevane kanskje skapte meir tekst når dei skreiv på tastatur enn når dei skreiv for hand. dette er eit emne som Arne Trageton har jobba mykje med, og han viser forskinga si som igjen viser at det er eintydig positive resultat når det gjeld mengda av tekst som elevane skriv på tastatur.Dei skriv lengre tekstar då. Me har vore ute på skulen og fått nokre kjekke elevar til å hjela oss med å fyrst skriva med blyant for så å skriva på data dagen etter. Desse små er berre 7 år gamle, men dei imponerer når me ser på kor mykje tekst dei skriv og kor uthaldande dei er.
Skriving = bodskapsformidling * innkoding * motivasjon.Tekstane dei skriv er sjølvsagt på eit fonologisk skrive nivå, det vil seie at dei skriv slik dei snakkar. Dei har tydeleg eit fonologisk medvit, fordi dei er i stand til å lytta ut lydar, og slik forstår dei at dei talespråket er sett saman av språklydar.Elevane les ofte høgt for seg sjølv det dei har skrive, medan dei skriv, dei er strøttande stilas for seg sjølv. Ein elev kom til meg og skulle skrive ordet pære, ho vart litt overraska då ho såg bokstaven æ i ordet, " koffor e da æ, da e ikkje æ i pera". ¨Det er då me som lærara må vere bevisste,og vite kva me driv på med, og slik gripa sjangsen når me ser den kjem. I morgon skal me ut på skulen igjen og intervjue praksislærarane våre, dei er alltid like imøtekommande og me kjenner oss velkomne same kva det skulle vere, takk og takk.

mandag 26. november 2007


No når me er inne i GLSM perioden så dukkar det stadig opp ting som ein kunne tenkje seg å prøvd ut i praksis, dette med strategiar har vår gruppe gått ein del inn på, og dette at born som byrjar på skulen faktisk kan ein del matematikk, nesten utan å vite det sjølv. Men me som pedagogar veit at dette er ting som me kan jobba med . Dette synest eg høyrest spanande ut, men eg veit og at dette krev ein del av den som har det pedagogiske ansvaret, kartlegging , observasjon, og individuell tilpassa undervisning er nøkkelen her. Dette trur eg er det mest optimale av all undervisning. Då får eleven akkurat det han har behov for ,rettleiing og tilpassa utfordingar på sitt eige nivå, og etter sine eigne læreføresetnader. Men etter å ha vore ute i praksis så ser eg at dette er nesten å drøyma seg vekk. Skulekvardagen til lærarar i småskulen er så utruleg travel at det skal godt gjerast at ein kan gjennomføra slike opplegg som tilpassa undervisning til alle krev. Me har funne ei veldig "kjekk" bok me har nytta som tillegg til pensumlitteratur, som heiter" det matematiske barnet" skriven av Heiberg Solem, I. & Lie Reikerås E.K (2004) denne har vore til stor nytte i prosjeket vårt. Eg anbefaler denne på det sterkaste til de som skal ha matematikk no neste periode. Der står det mange gode eksempel på at born faktisk kan ganske mykje matematikk før dei byrjar i skulen, og dersom me klarar som pedagogar å møta desse små der dei er, når dei bryjar på skulen, då gjer me vegen lettare å gå for desse små. I boka står det eksempel på at eit born faktisk kan gløyma det dei kan, fordi at på skulen så byrjar ein på scratch i gjenn. Dette er ganske urovekkjande, dette stemmer kanskje med det me høyrde på punktmetodikken i paksisperioden, at ein 6 åring ofte kjenner at han har ein tilbakegang når det gjeld ting han kan når han byrjar på skulen, ikkje berre når det gjeld paktiske ting som å knyte skorne, men faktisk ein del matematikk kunnskapar kan gå tapt,eller vera borte for ei stund. God helg :)